10-årsjubileum for Austbø musikkfestival

Klikk for stort bilete For tiande år på rad arrangerte Austbø barnehage musikkfestival for ungane, familiane og dei tilsette i barnehagen.

 

Ordføraren var også på plass, og ungane var tydeleg begeistra for både han og kjedet hans.

-Kan eg få sitta på fanget ditt? Æ dæ ekta gull? var spørsmål han fekk fleire gonger.

Austbø musikkfestivalen er inspirert av Jærnåttå og vert arrangert årleg i slutten av mai. Tidlegare år har mellom anna Hilde Selvikvåg stått på scena i barnehagen. I år vart det ein kjekk ettermiddag med fleire musikkinnslag frå alle ungane og dei tilsette.

Festivalen vart avslutta med grilling, leik, god drøs og nydelege kaker. Me gler oss alt til neste år. Kanskje kjem ordføraren tilbake?