1. juni startar legevakt-samarbeidet på Jæren Hå kommune Innbyggarar i Time skal ikkje lenger reisa til legevakta i Sandes når dei har behov for legevaktteneste om natta, men til Hå legevakt på Bekkeheien. Natt til 1. juni startar legevakt-samarbeidet mellom kommunane Time, Klepp og Hå. Dei to legevakt-lokasjonane blir då Klepp og Time legevakt i Kleppe sentrum i Klepp kommune, og Hå legevakt på Bekkeheien i Hå. Frå 1. juni gjeld fylgjande for innbyggarar i Time: Kvardagar, helg og heilagdagar frå kl. 07.45 - 22.30 Klepp og Time legevakt Olav Hålandsveg 2 4352 Kleppe Natt, alle dagar, frå kl. 22.30 - 07.45 Hå legevakt Rimestad 16 4365 Nærbø Legevakta kan kontaktast heile døgnet på telefon 116 117. For akutt hjelp, ring 113.