Det er rettleiande skulekrinsar i Time. Dette medfører at ein kan søka om anna skule enn nærskulen for elevar som skal starta i 1. trinn og 8. trinn.
Frist for å søkja er innan 1. desember for komande skuleår og vedtak vil bli fatta med grunnlag i kapasitet. Innvilga vedtak er gjeldande for den tida eleven er elev i barneskulen/ ungdomsskulen.
Søknader som kjem inn etter 1. desember vil berre bli vurderte dersom eleven vil ha rett på plass etter nærskuleprinsippet ( opplæringslova. §8.1)
• Fyll ut skjema for søknad om opptak.
• Søknaden vil bli behandla etter 1. desember.
• Søknad om opptak ved anna skule blir behandla individuelt av kommunen, og resulterer i eit enkeltvedtak. Ein kan klaga på vedtaket, jf. forvaltningslova § 28.
• Søknaden blir behandla under føresetnad at begge føresette er informert og samtykker til søknaden. Vedtaket vil bli sendt til begge føresette, med mindre det er juridiske årsaker.
• Innvilga vedtak er gjeldande for den tida eleven er elev i barneskulen/ ungdomsskulen, og under føresetnad om at folkeregistrert adresse til eleven er den same. Vedtaket kan kun opphevast ved nytt vedtak, og vurdering etter gjeldande rutinar og lovverk.