Frivillige lag- og organisasjonar, politiske parti, næringsdrivande og privatpersonar kan søkje om å nytte torget eller delar av torget.
Leige av torget er gratis.
Det vil normalt ikkje bli godkjent arrangement på torget i tida mellom kl. 0100 og 0800.
Dei som skal selja mat og/eller drikke må ha Serveringsløyve (Frivillige lag- og organisasjoner har fritak frå dette).
Ingen kan selja, servera eller bruka alkohol på torget utan at kommunen har gitt løyve til dette.
Ved større arrangement på Bryne torg, vil det ikkje bli leigd ut plass til andre.
Om arrangementet er av ein slik karakter at det er krav om godkjenning frå politi og/eller brannvesen er søkjar sjølv ansvarleg for å innhente slik godkjenning.
Alle som nyttar Bryne torg har ansvar for å rydda opp etter seg. I tillegg må ein forhalde seg til ( politivedtekt for Time kommune )