Skjenkeløyve og kontroll

Ein skjenkestad må ha ein styrar og ein stedfortredar som har avlagt dei lovbestemte prøvane. Informasjon om Etablerarprøva og Kunnskapsprøva finst på Skjenkekontrollen sine nettsider.

I forbindelse med behandlinga av søknaden vil det verta sjekka at driftsselskap og sentrale personar på eigar- og driftssidan har god vandel. Vidare må søkjar dokumentera at skjenkelokalet er bruks- og byggjegodkjend av kommunen for omsøkt type verksemd. 

Det gjerast merksam på at saksbehandlingstida vil kunne vera opp til 8-10 veker frå søknaden er motteke. Grunnen til dette er at kommunen må innhenta lovpålagde opplysningar hos mellom anna politiet, og dette kan ta noko tid. Det er formannskapet som gir skjenkebevillinger i Time kommune. Dei har faste møte ca 1. gong pr. mnd, og tida frå innlevert søknad til vedtak er difor avhengig av når det er møte. Det vert anbefalt at søknad vert sendt i god tid før planlagd oppstart av skjenking og gjerne ta kontakt med saksbehandlar Karina A. Haugland tlf. 51776018 eller epost: karina.haugland@time.kommune.no for å avklara når ein kan forventa vedtak om skjenkeløyve.

Time kommunestyre vedtok 2. februar 2016 nye alkoholpolitiske retningslinjer for perioden 2016- 2020.

I dei nye retningslinjene vert det opna for at kommunen kan forlenga eksisterande skjenke-og salsløyver utan ny søknad i inntil 4 år, slik som reglane har vore fram til nå. Det er endringar i Alkohollova med forskrifter som gjer dette mogleg.

Prikktildelinssystemet trådte i kraft frå 1. januar 2016

Søknad om fast skjenkeløyve eller salsløyve vert behandla av formannskapet.
Brot på retningslinjene vert behandla av utval for levekår.

I tillegg til alminnelege skjenkeløyver, behandlar Time kommune søknader om ambulerande skjenkeløyve. Desse søknadene vert behandla av servicetorget. 

Kontroll med skjenkeløyvene vert utført av ein interkommunal skjenkekontroll i regi av Rogaland brann og redning IKS.

Søknad om ambulerande skjenkeløyve, fast skjenkeløyve, alkoholpolitiske retningslinjer, retningslinjer for uteservering og oversikt over prikktildelingssystemet finn du i menyen til høyre.

Dei som søkjer om uteservering er forplikta til å følgja Time kommune sine retningslinjer for uteservering.

Publisert av Karina A. Haugland. Sist endra 21.09.2017
Fann du det du leita etter?
 
  • Time kommune
  • Rådhuset, Arne Garborgs veg 30, 4344 Bryne
  • Telefon: 51 77 60 00
  • Telefax:  51 48 15 00
  • Postadresse: Postboks 38, 4349 Bryne
  • E-postadresse:post@time.kommune.no
  • Organisasjonsnr.: 859 223 672
     
Servicetorget 51 77 60 00
Legevakt: 51 42 99 99
Vakttelefon: 90 16 80 99     
  • Ansvarleg redaktør: Brit Nilsson Edland
  • Webredaktør: Elin Wetås de Jara
  • Webmaster: Reidunn Øglænd

© 2013 Time Kommune Design - ACOS / CMS - ACOS InfoLink

vibe
Login for redigering Login for redigering