Utleggstrekk – mindre trekk i lønn

Når vi skal trekke deg i lønn eller trygd bruker vi opplysningar vi har om din økonomi. Dersom du ikkje har sendt inn opplysningar til oss før utleggstrekket skulle starte, bruker vi inntekter frå førre likningsår, dvs. det du tente i fjor.

Det kan også vera andre årsaker til at trekket bør endrast, f.eks.:

  • Du har fleire utgifter vi kan ta omsyn til
  • Sivilstatusen din er endra og du har blitt åleine om utgiftene

Søknaden din om lågare trekk vil ikkje automatisk gi lågare trekk.

Vi vurderer dei opplysningane vi har og nye opplysningar du gir for å rekna ut om trekket er riktig.

 

Korleis gjer vi berekninga?
 

  Inntekter (nettolønn eller trygdeyting, barnetrygd, m.m.)

- Utgifter (bukostnader, barnepass, m.m.)

- Livsopphald etter fastsett sats

= Månadleg trekk

Dersom berekninga vår viser at du ikkje har nok igjen til å kunne leve for, vil vi ikkje sette i gang trekk.

Gjennomføring av utleggstrekk

Dersom vi bestemmer at eit utleggstrekk skal settast i gang, pålegg vi arbeidsgivaren din eller NAV å utføre trekket. Arbeidsgivar eller NAV er pliktig etter lova å utføre det trekket vi ber om. Utleggstrekk vil gi deg betalingsmerknad.

 

Endre trekk?
 

Dersom du meiner at berekningsgrunnlaget ikkje er korrekt, må du ta kontakt med oss for å få tilsendt søknadsskjema.

 

Konsekvensar av utleggstrekk for sambuar/ektefelle?
 

I utgangspunktet har du ansvar for egen gjeld. Vi tar ikkje utlegg i sambuar eller ektefelle si lønn eller trygd, men i lønn eller trygd du får.

Vi har moglegheit til å rekna trekket utifrå hushaldet sine samla inntekter og utgifter.

Trekket kan få følgjer for sambuar eller ektefelle, fordi hushaldet sine inntekter blir redusert i trekkperioden.

 

Klage på utleggstrekk?
 

Dersom du meiner at utrekninga vår av utleggstrekk er feil, må du sende skriftlig klage til oss, med opplysningar om økonomien din. Desse opplysningane må dokumenterast. Dersom vi held fast på avgjersla vår, blir saka sendt til tingretten for behandling dersom du krev det. Vi minner om at dersom saken blir sendt til tingretten, må du betale eit rettsgebyr, for tida kr 1 025.

 

Ver likevel klar over at klagen din ikkje stoppar innkrevjinga av kravet.

Publisert av Reidunn Øglænd. Ansvarleg Ivar Slettebø. Sist endra 14.03.2016
Fann du det du leita etter?
 
  • Time kommune
  • Rådhuset, Arne Garborgs veg 30, 4344 Bryne
  • Telefon: 51 77 60 00
  • Telefax:  51 48 15 00
  • Postadresse: Postboks 38, 4349 Bryne
  • E-postadresse:post@time.kommune.no
  • Organisasjonsnr.: 859 223 672
     
Servicetorget 51 77 60 00
Legevakt: 51 42 99 99
Vakttelefon: 90 16 80 99     
  • Ansvarleg redaktør: Brit Nilsson Edland
  • Webredaktør: Elin Wetås de Jara
  • Webmaster: Reidunn Øglænd

© 2013 Time Kommune Design - ACOS / CMS - ACOS InfoLink

vibe
Login for redigering Login for redigering