Kven kan søke om ettergiving / nedsetting av restskatt ?

Heimel for å ettergi/nedsette restskatt er gitt i skattebetalingslova §§ 15-1 og 15-2.

Vilkåra for å få ettergitt eller sett ned restskatt er strenge, og blir bare gjort reint unntaksvis. Avgjersla vil byggja på ein samla vurdering av om ettergiving/nedsetting er riktig i det enkelte tilfellet.

Skattebetalingslova § 15-1 gjeld ettergiving/nedsetting av omsyn til skyldnaren. Skatten kan bli ettergitt eller sett ned på grunn av dødsfall (utan midlar i buet), særlig alvorleg eller langvarig sjukdom eller andre årsaker. I tillegg må det verke særleg urimelig eller uforholdsmessig trykkjande å halda fast på kravet. Skattar og avgifter har betre prioritet enn andre kreditorar.

For studentar, militære som avtener førstegongsteneste, arbeidsledige og personar som får stønad til livsopphald, vil det sjeldan vera grunnlag for å få ettergitt restskatten. Dette er forhold som blir oppfatta som ein mellombels periode med inntektssvikt. I desse sakene kan det vera grunnlag for å få innvilge ei rentefri utsetting med betaling av restskatten.

 

Skattebetalingslova § 15-2  gjeld ettergiving/nedsetting av omsyn til det offentlege som kreditor. Det er eit absolutt vilkår at det blir satt fra eit betalingstilbod som i utgangspunktet må omfatte alle kreditorar. For at ein søknad om ettergiving skal kunne innvilgast, må i tillegg fire grunnvilkår vera oppfylte. Skyldnaren må ikkje vera i stand til å innfri kravet på vanleg måte, betalingstilbodet må gi betre dekning enn fortsatt innkrevjing og betalingstilbodet må vera det beste skyldnaren kan tilby. I tillegg må ein eventuell aksept av tilbodet ikkje være støytande eller eigna til å svekke den alminnelege betalingsmoralen.

 

Kva skal eg gjera når eg vil søkja om ettergiving/nedsetting/utsetting av skatt?
 

For å få ein søknad behandla, må du levera ein skriftleg søknad. Søknaden må innehalda ein fullstendig oversikt over din økonomi, og alle inntekter og utgifter må dokumenterast. I tillegg må utskrift av siste års likning leggast ved søknaden. Dersom sjukdom er grunngiving for å søke, må legeerklæring også leggast ved. Dersom du får 100 % uførepensjon frå folketrygda, fell kravet til legeerklæring bort. Er du gift/sambuar/registrert partner, må du gi opplysningar om begge.

Studentar eller militære må legga ved bekrefting på skule/studiar eller militær-/sivilteneste.

Ta kontakt med kemnerkontoret, dersom du treng meir informasjon.

 

Vil innkrevjinga stoppe når eg har sendt ein søknad om utsetting/nedsetting?
 

Nei, innkrevjinga av skatte- og avgiftskrav vil som hovudregel ikkje bli påverka av at du har sendt ein søknad.

 

Kan eg klage på vedtaket?
 

Det er ikkje høve til å klaga på vedtak fatta av skatteutvalet, men du kan søke på nytt dersom du har vesentlege nye opplysningar i saka. For saker avgjort av skattekontoret, er det anledning til å klage på vedtaket.

Publisert av Reidunn Øglænd. Ansvarleg Ivar Slettebø. Sist endra 14.03.2016
Fann du det du leita etter?
 
  • Time kommune
  • Rådhuset, Arne Garborgs veg 30, 4344 Bryne
  • Telefon: 51 77 60 00
  • Telefax:  51 48 15 00
  • Postadresse: Postboks 38, 4349 Bryne
  • E-postadresse:post@time.kommune.no
  • Organisasjonsnr.: 859 223 672
     
Servicetorget 51 77 60 00
Legevakt: 51 42 99 99
Vakttelefon: 90 16 80 99     
  • Ansvarleg redaktør: Brit Nilsson Edland
  • Webredaktør: Elin Wetås de Jara
  • Webmaster: Reidunn Øglænd

© 2013 Time Kommune Design - ACOS / CMS - ACOS InfoLink

vibe
Login for redigering Login for redigering