Privatperson

Når du har inntekt eller formue vil du vera skattepliktig. Skatten blir innbetalt ved at lønnsutbetalar/arbeidsgivar trekker deg i lønn (forskotstrekk) eller ved at det blir skrive ut forskotsskatt.

Skattekort

 

Kor mykje arbeidsgivaren din skal trekke deg i skatt står på skattekortet. Det er ditt ansvar at skattekortet er riktig. Vil du trekke meir enn det som står på skattekortet, kan arbeidsgivaren gjere dette utan at du treng å søke om nytt skattekort. Dersom skattekortet har for høgt trekk, kan du søke om nytt skattekort (arbeidsgivaren kan ikkje trekke mindre enn det som er angitt på skattekortet).

 

Likning og skatteoppgjer

 

For at skatteetaten skal kunne rekna riktig skatt er det viktig at sjølvmeldinga  di er riktig. Sjølvmeldinga skal leverast til skattekontoret (Skatt vest).

På sjølvmeldinga er det en foreløpig berekning av skatten. Dersom du ønskjer kan du betale inn ekstra skatt (tilleggsforskott) , slik at du slepp å betale rentetillegg på eventuell restskatt. Fristen for å betale tilleggsforskott er 31. mai. Dersom betalinga skal registrerast som tilleggsforskott, må KID-nummer for tilleggsforskott og riktig inntektsår (det året skatten gjeld) brukas.

Når sjølvmeldinga er behandla vil du motta skatteoppgjeret. Skatteoppgjeret viser om du har betalt nok skatt (ev. har pengar til gode) eller om du må betale meir (restskatt). Dersom du har pengar til gode, vil dette bli overført til kontoen din (kontonummer står på skatteoppgjøret) så raskt som mulig etter at skatteoppgjeret er lagt ut.

 

Klage på skatteoppgjeret
 

Dersom du meiner at skatteoppgjeret ditt er feil, må du sende skriftleg klage innan gitte fristar .
Klaga skal sendast skattekontoret eller kemneren (link til eiga side; kven svarer på kva) avhengig av kva saka gjeld.

Ver merksam på at sjølv om du klager på skatten skal restskatten betalast ved forfall.

 

Forskotsskatt
 

Har du fått utskriven forskotsskatt?

Det er skattekontoret som fastsett og skriv ut forskotsskatt, og det er bare skattekontoret som kan endre en utskriven forskotsskatt. Grunnlaget for utskriven forskotsskatt er angitt på Del 3 på skattekortet som du får  ved kvart årsskifte. Dersom inntekt eller frådrag blir vesentleg forandra i forhold til opplysningane på Del 3, bør du kontakte skattekontoret for å få endra forskotsskatten.

 

Betalingsfristar

 

Forskotsskatten forfell til betaling i 4 like store terminar 15. mars, 15. mai, 15. september og 15. november. Dersom ein termin av forskotsskatten ikkje blir betalt ved forfall, vil heile skatten forfalle til betaling.

 

Betaling skal skje til  følgjande kontonummer for skatt og avgift:

Hå                  6345.06.11192

Klepp              6345.06.11206

Time               6345.06.11214

Gjesdal           6345.06.11222

 

Publisert av Reidunn Øglænd. Ansvarleg Ivar Slettebø. Sist endra 17.03.2016
Fann du det du leita etter?
 
  • Time kommune
  • Rådhuset, Arne Garborgs veg 30, 4344 Bryne
  • Telefon: 51 77 60 00
  • Telefax:  51 48 15 00
  • Postadresse: Postboks 38, 4349 Bryne
  • E-postadresse:post@time.kommune.no
  • Organisasjonsnr.: 859 223 672
     
Servicetorget 51 77 60 00
Legevakt: 51 42 99 99
Vakttelefon: 90 16 80 99     
  • Ansvarleg redaktør: Brit Nilsson Edland
  • Webredaktør: Elin Wetås de Jara
  • Webmaster: Reidunn Øglænd

© 2013 Time Kommune Design - ACOS / CMS - ACOS InfoLink

vibe
Login for redigering Login for redigering