Fritak for solidaransvar

ORIENTERING VED SØKNAD OM FRITAK FOR SOLIDARANSVAR

(gjeld bare for oppdragstakarar med kontorkommune Hå, Klepp, Time og Gjesdal)

Utgangspunktet for solidaransvar er skattebetalingslova § 4-1, 2. ledd. Når arbeidstakarar blir stilt til råderett for andre, kviler pliktene etter skattebetalingslova med forskrifter både oppdragsgivar og oppdragstakar. Etter dei same reglane kan skatteoppkrevjar bestemme at den eine av dei ansvarlege partane blir fritatt for ansvaret. Det må som hovudregel søkjast om fritak før oppdraget startar. Dersom dette ikkje er mogleg, må søknad sendast innan 14 dagar etter at oppdraget har starta. Fritak vil da bli gitt frå oppstartsdato. Blir søknaden sendt inn seinare, vil fritak bare bli gitt frå det tidspunkt søknaden blei mottatt av Jæren kemnerkontor.

 

Følgjande må vera vedlagt søknaden:  

1)      Avtale mellom oppdragsgivar og oppdragstakar kor det blant anna går fram kven som skal ivareta pliktene etter skattebetalingsloven, dvs. kven som er arbeidsgivar. Dette vil ofte gå fram av kontrakt/avtale mellom oppdragsgivar og oppdragstakar. I andre tilfelle må det leggast fram ein skriftlig avtale mellom partane om kven som skal ivareta dei nemnde pliktene.

2)      Dersom kontrakten/avtalen ikkje inneheld opplysningar om kva for personer som skal omfattast av fritaket, må liste over desse (fødselsdato og namn) også sendast inn. Dersom ytterlegare personar skal omfattast av fritaket, må ny søknad sendast inn. Det må da søkjast om at gjeldande fritak også skal omfatte desse.

3)      Bekreftelse på at skattetrekkskonto blir nytta frå oppdragstakar sin revisor, regnskapsførar eller bank. Denne skal bekrefte at selskapet har eigen skattetrekkskonto og at denne blir brukt i samsvar med skattebetalingslova sine reglar. Bekreftelsen må vere utskreven i løpet av siste halvår. Alternativt kan kontoutskrift frå oppdragstakar sin skattetrekkskonto for siste halvår sendast inn.

Fritaket gjeld bare eigne tilsette.

Skjema ligg i høgre marg.


Publisert av Reidunn Øglænd. Ansvarleg Ivar Slettebø. Sist endra 14.03.2016
Fann du det du leita etter?
 
  • Time kommune
  • Rådhuset, Arne Garborgs veg 30, 4344 Bryne
  • Telefon: 51 77 60 00
  • Telefax:  51 48 15 00
  • Postadresse: Postboks 38, 4349 Bryne
  • E-postadresse:post@time.kommune.no
  • Organisasjonsnr.: 859 223 672
     
Servicetorget 51 77 60 00
Legevakt: 51 42 99 99
Vakttelefon: 90 16 80 99     
  • Ansvarleg redaktør: Brit Nilsson Edland
  • Webredaktør: Elin Wetås de Jara
  • Webmaster: Reidunn Øglænd

© 2013 Time Kommune Design - ACOS / CMS - ACOS InfoLink

vibe
Login for redigering Login for redigering