Arbeidsgivarkontroll

Jæren kemnerkontor kontrollerer at arbeidsgivarar i kommunane Hå, Klepp, Time og Gjesdal gjennomfører skattetrekk og arbeidsgivaravgift i samsvar med skattebetalings- og folketrygdlova sine reglar.

Kemneren kontrollerer også at regnskapslova og opplysningsplikta i likningslova blir halden. Arbeidsgivarkontrollen er heimla i lov av 17. juni 2005 nr. 67 om betaling og innkrevjing av skatte- og avgiftskrav, skattebetalingslova § 5-13.

 

Tredjemannsopplysningar

 

Skattebetalingslova § 5-14 har regler om kontrollopplysningar frå tredjemann til skatteoppkrevjaren i forbindelse med arbeidsgivarkontrollen.

Reglane gjeld innhenting av kontrollopplysningar frå bankar mfl. om innskotts- og gjeldskonti som namngitt person, bu, selskap eller innretning har eller disponerer i vedkommande institusjon. Opplysningsplikta gjeld også opplysningar om underbilag og transaksjonar, her under kven som er partar i transaksjonane.

Tilsvarande pliktar alle som utfører eller har utført arbeid eller oppdrag for arbeidsgivaren, å gi opplysningar om sitt tenesteforhold eller oppdrag knytta til arbeidsgivaren.

Næringsdrivande plikter å gi opplysningar om eitkvart økonomisk mellomvære som vedkommande har eller har hatt med arbeidsgivaren, når opplysningane knyttar seg til begge partane sine verksemder. Det kan krevjast opplysningar om og spesifisert oppgåve over varelevering og -kjøp, tenester, vederlag og andre forhold som knyttar seg til mellomværet og oppgjeret for dette.

Det er også vedtatt reglar om klage og tvangsmulkt.

Retten til å innhente tredjemannsopplysningar supplerer skatteoppkrevjaren sin rett til å krevja framlagt dokument av den det gjennomført ettersyn hos etter skattebetalingslova § 5-13 og folketrygdlova § 24-5.

 

Dei opplysningane som det er mogleg å innhente frå ulike tredjemenn har arbeidsgivaren sjølv plikt til å gi.

Publisert av Helene Gåsland. Ansvarleg Ivar Slettebø. Sist endra 14.03.2016
Fann du det du leita etter?
 
  • Time kommune
  • Rådhuset, Arne Garborgs veg 30, 4344 Bryne
  • Telefon: 51 77 60 00
  • Telefax:  51 48 15 00
  • Postadresse: Postboks 38, 4349 Bryne
  • E-postadresse:post@time.kommune.no
  • Organisasjonsnr.: 859 223 672
     
Servicetorget 51 77 60 00
Legevakt: 51 42 99 99
Vakttelefon: 90 16 80 99     
  • Ansvarleg redaktør: Brit Nilsson Edland
  • Webredaktør: Elin Wetås de Jara
  • Webmaster: Reidunn Øglænd

© 2013 Time Kommune Design - ACOS / CMS - ACOS InfoLink

vibe
Login for redigering Login for redigering