Arbeidsgivar

Som arbeidsgivar må du kjenne regelverket for skattetrekk, arbeidsgivaravgift og lønnsrapportering, det gjeld og arbeidsgivar sine plikter som berekning, innsending av oppgåver og betaling av skattetrekk og arbeidsgivaravgift.

Lønns-ABC  viser korleis ytingar i arbeidsforhold (lønn, feriepengar, bilgodtgjering, husvære osv.) skal behandlast i forhold til oppgåveplikt, skattetrekk og arbeidsgivaravgift.

 

Verksemd

 

Ei verksemd (ENK, ANS, AS, NUF osv.) som utbetaler lønn til ein person som er engasjert for å utføre arbeid, er arbeidsgivar i forhold til skattereglene. Verksemda får da plikt til å trekke skatt, berekna arbeidsgivaravgift og sende inn a-melding. Dette gjeld også utbetalingar til ikkje-tilsette arbeidstakarar som for eksempel utfører eit enkelståande oppdrag eller eit spesielt avgrensa arbeid.

 

Dersom den som utfører arbeid for verksemda er sjølvstendig næringsdrivande, er verksemda ikkje arbeidsgivar. Den næringsdrivande må sjølv betale inn skattar og avgifter.

 

Privatperson

 

Når du som privatperson lar andre personer utføre oppdrag for deg, er du i realiteten ein arbeidsgivar. Dette medfører ein del plikter når det gjeld forskottstrekk, arbeidsgivaravgift, rapportering og oppgjer.

 

Spesielle skatteregler gjer det enklare og billegare for deg som skal engasjere privatpersoner for å utføre arbeid i heimen eller på fritidseigedommen (Lønnsarbeid i heimen), og du kan nytta ei forenkla oppgjersordning.

For meir informasjon om dette gå til Skatteetaten. 

 

Organisasjon

Ein organisasjon som er arbeidsgivar har plikter som forskotstrekk, arbeidsgivaravgift, rapportering og oppgjer. Frivillige organisasjonar  som kjem inn under reglane for fritak for plikta til å svare arbeidsgivaravgift kan nytta ei forenkla oppgjersordning. Meir informasjon finn du i artikkelen Miniguide til lag og foreningar.

Publisert av Reidunn Øglænd. Ansvarleg Ivar Slettebø. Sist endra 03.02.2017
Fann du det du leita etter?
 
  • Time kommune
  • Rådhuset, Arne Garborgs veg 30, 4344 Bryne
  • Telefon: 51 77 60 00
  • Telefax:  51 48 15 00
  • Postadresse: Postboks 38, 4349 Bryne
  • E-postadresse:post@time.kommune.no
  • Organisasjonsnr.: 859 223 672
     
Servicetorget 51 77 60 00
Legevakt: 51 42 99 99
Vakttelefon: 90 16 80 99     
  • Ansvarleg redaktør: Brit Nilsson Edland
  • Webredaktør: Elin Wetås de Jara
  • Webmaster: Reidunn Øglænd

© 2013 Time Kommune Design - ACOS / CMS - ACOS InfoLink

vibe
Login for redigering Login for redigering