Flyktningar og asylsøkjarar i Time

På Orrestranda i oktober 2015 (Janne Berit Nese) - Klikk for stort bilete Mangfald er ein ressurs for kommunen. Det er viktig at flyktningar og asylsøkjarar opplever å verta inkluderte, og kan delta og bidra med sine ressursar i fellesskapet.

Den kompetansen og dei erfaringane flyktningar og innvandrarar har med seg inn i lokalsamfunnet må me ta i bruk. Derfor er tilrettelegging for kvalifisering til arbeid og utdanning, og å leggja til rette for gode møteplassar for å etablera nettverk og relasjonar, viktige kommunale oppgåver.

På Vitenfabrikken i Sandnes 2015 (Janne Berit Nese) - Klikk for stort bilete Tur på Vedafjellet i 2012 (Janne Berit Nese) - Klikk for stort bilete På Jærmuseet i 2013 (Janne Berit Nese) - Klikk for stort bilete Utsyn  (Janne Berit Nese) - Klikk for stort bilete

Flyktningar
Kvart år ber integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDI) Time kommune om å busetja flyktningar. Time kommunestyre bestemmer kor mange flyktningar kommunen skal ta imot. I perioden 2016-2018 har kommunestyret vedteke å busetja totalt 120 flyktningar eksklusiv familiesameinte.

I Time er det flyktningtenesta som har ansvaret for å koordinera busetjing, kvalifisering og integrering av flyktningar i nært samarbeid med dei ulike einingane i kommunen. Grunntanken i arbeidet er hjelp til sjølvhjelp, der målet er at flyktningane snarast råd vert sjølvstendige når det gjeld bruk av offentlege tenester og økonomi.

Asylsøkjarar
I tillegg til å busetja flyktningar med opphaldsløyve, er Time kommune vertskommune for Time statlige mottak for asylsøkere. Det er stiftelsen SANA som driv mottaket, med plass til 150 asylsøkjarar. Time kommune har ansvaret for å tilby mellom anna skule- og helsetilbod.

Asylsøkjarane bur på mottaket medan dei ventar på å få behandla søknaden sin om opphald i landet. Personar som får opphald, får tildelt kommune via IMDI. Dei som ikkje får opphald, må reisa ut av landet.

Kvalifisering og integrering
Flyktningar som vert busette i Time, kan ha rett og plikt til introduksjonsprogram etter visse lovkrav. Programmet skal gjera det lettare for flyktningar å kvalifisera seg til jobb eller utdanning. Introduksjonsprogrammet skal minst innehalda opplæring i norsk og samfunnskunnskap, og tiltak som førebur den enkelte til arbeidslivet. Programmet skal vera heilårleg og på fulltid, og kan vara i inntil to år.

I Time kommune har me mange frivillige som stiller opp for flyktningane og asylsøkjararane som bur her. Dette er både enkeltpersonar, lag og organisasjonar. Dei frivillige driv ulike aktivitetar rundt om i kommunen, eller stiller opp på andre måtar. Det er laga ei oversikt over tiltak og aktivitetar.

Det er viktig for kommunen å samhandla med frivillige lag og organisasjonar for at så mange flyktningar og asylsøkjarar som råd finn seg til rette i det frivillige arbeidet i kommunen.

Opplæring i norsk og samfunnsfag:

Bryne kompetansesenter

Mor/barn-gruppa (PDF, 79 kB)

Fleirkulturelle aktivitetar og andre tiltak:

FEMIRA internasjonale kvinnegruppe

Snakkis - språkkafè på Bryne 

Språkkafè i Frøyland og Orstad kykjelyd

Språksprell

"På tur i Time"

Prosjekt i samarbeid med integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDI):

Språkreis i Time
 

Kontaktinformasjon:

Ta kontakt med servicetorget i Time kommune for informasjon om kontaktpersonar.

 
Publisert av Janne Berit Nese. Ansvarleg Janne Berit Nese. Sist endra 08.12.2016
Fann du det du leita etter?
 
  • Time kommune
  • Rådhuset, Arne Garborgs veg 30, 4344 Bryne
  • Telefon: 51 77 60 00
  • Telefax:  51 48 15 00
  • Postadresse: Postboks 38, 4349 Bryne
  • E-postadresse:post@time.kommune.no
  • Organisasjonsnr.: 859 223 672
     
Servicetorget 51 77 60 00
Legevakt: 51 42 99 99
Vakttelefon: 90 16 80 99     
  • Ansvarleg redaktør: Brit Nilsson Edland
  • Webredaktør: Elin Wetås de Jara
  • Webmaster: Reidunn Øglænd

© 2013 Time Kommune Design - ACOS / CMS - ACOS InfoLink

vibe
Login for redigering Login for redigering