Samfunn og beredskap

Her finn du informasjon om beredskap, krisehandtering og verneplikt


Beredskapsplan

Kommunen har ein overordna beredskapsplan for krisehandtering. Det er laga delplanar, rutinar og instruksar som skal følgjast om det oppstår ulike typar kriser eller katastrofer. Her finn du eit utdrag av beredskapsplanen  samt fullstendig innhaldsliste. Utdraget viser den delen av planen som handlar om informasjon til publikum.

 

Brannberedskap 
Time kommune er knytta til Brannvesenet i Sør-Rogaland IKS

 

Tilfluktsrom

I Time kommune er det totalt 73 tilfluktsrom med 7827 plassar. Det er både offentlege og private tilfluktsrom og det er Sivilforsvaret som har ansvar for tilsyn av begge kategoriar. Offentlege tilfluktsrom er bygde for å kunna gi vern for allmenta, ved at dei personane  som måtte vera i nærområdet, kan søkja vern i ein beredskapssituasjon. Private tilfluktsrom er bygde og dimensjonerte for å kunna gi vern for dei personane som normalt oppheld seg på eigedommen der tilfluktsrommet er.

Det er eit offentleg tilfluktsrom i kommunen og det er plassert i Sivdamsenteret på Bryne. Det er skilta frå Arne Garborgs veg og har 290 plassar. I tillegg har kommunen 11 private tilfluktsrom med tilsaman omlag 1606 plassar. Dette er skular og institusjonar i Bryne og tettstadane: Eikeland skule, Undheim skule, Bryne Mølle, Bryne skule, Bryne ungdomsskule, Bryne brannstasjon, Time rådhus, Rosseland skule, Bryneheimen og Lye skule. Dei fleste private tilfluktsromma er det private bedrifter i kommunen som har.

I Noreg er det omlag 25 000 tilfluktsrom med plass til ca 2,5 millionar menneske. Meir informasjon om tilfluktsrom kan du få her.

 

Fyrverkeri

Time kommunestyre vedtok i møte 14. juni 2016 lokal forskrift om delvis forbod mot bruk av fyrverkeri i Time kommune. Kart med spesifikke soner med forbod mot bruk av fyrverkeri er vedlagt forskrifta. Forskrifta trer i kraft 31.12.16

Forskrifta vart kunngjort på www.lovdata.no  23.06.16 og i Jærbladet 08.08.16

 

Psykososialt kriseteam 
Time og Klepp kommunar har i samarbeid etablert psykososialt kriseteam med medlemmer frå Time og Klepp kommunar. Psykososialt kriseteamet sitt mål og oppgåvene deira er å sørgja for at innbyggjarane i Time kommune får nødvendig hjelp i krisesituasjonar. Psykososialt kriseteam skal vera eit supplement til det ordinære hjelpeapparatet, og minska skadeverknader ei uventa hending kan gje, menneskeleg og mentalt.

Avdelingsleiar for legevakta er leiar av psykososialt kriseteam. Teamet er plassert i Klepp og Time legevakt, og dei kan nåast på same telefonnummer som legevakta, tlf. 116117.  
Medlemmane i psykososialt kriseteam har vakt ei veke om gongen. Det er legevakta som tek kontakt med medlemmane i teamet ut frå vaktlistene.

 

Verneplikt 
Noreg har såkalla allmenn verneplikt. Basert på vedtak gjort av Stortinget, blir eit bestemt tal vernepliktige kalla inn til førstegongsteneste kvart år. Her finn du Det Norske Forsvaret si nettside.

Publisert av Synnøve Obrestad Skrettingland. Ansvarleg Elin Wetås de Jara. Sist endra 21.02.2017
Fann du det du leita etter?
 
  • Time kommune
  • Rådhuset, Arne Garborgs veg 30, 4344 Bryne
  • Telefon: 51 77 60 00
  • Telefax:  51 48 15 00
  • Postadresse: Postboks 38, 4349 Bryne
  • E-postadresse:post@time.kommune.no
  • Organisasjonsnr.: 859 223 672
     
Servicetorget 51 77 60 00
Legevakt: 51 42 99 99
Vakttelefon: 90 16 80 99     
  • Ansvarleg redaktør: Brit Nilsson Edland
  • Webredaktør: Elin Wetås de Jara
  • Webmaster: Reidunn Øglænd

© 2013 Time Kommune Design - ACOS / CMS - ACOS InfoLink

vibe
Login for redigering Login for redigering