Private avløpsanlegg

Alle som har innlagt vatn må ha godkjent avløpsanlegg. Dersom bustadhus på dykkar eigedom er utanfor tettbygd strøk er det ikkje alltid mogleg å knyta seg til kommunalt avløpsnett. Det krevst då ei godkjent renseløysning av avløpsvatnet som skal leiast ut via røyr frå hushaldinga.   

Eigar plikter å søkja den kommunale forureiningsmynda om løyve til utslipp av reinsa avløpsvatn frå bustadhus med nødvendige opplysningar og vedlagt situasjonskart. Det må altså søkjast om utsleppsløyve før det kan leggjast inn vatn. Det må søkjast om utsleppsløyve i samband med nybygg, innlegging av vatn i eksisterande bygg, ved auking av belastninga på anlegget, ved behov for oppgradering, utviding m.m.

Dersom ein ønsker å etablera, endra eller oppdatera eit privat avløpsanlegg, eller har fått varsel/pålegg om oppgradering, må de kontakta eit føretak som kan stå som ansvarlig søkjar for tiltaket, prosjektera og byggja avløpsanlegget. Dette kan vera eit eller fleire føretak då ikkje alle aktuelle føretak både prosjekterer og utfører.

Det kan søkes om tilskot til kostnadskrevjande vass- og avløpsløysningar (se menu til høyre)

 

Ansvarlig søkjar vil fungera som et bindeledd mellom tiltakshaver (eigaren) og kommunen. Ansvarlig søkjar har ansvar for at dei nødvendige funksjonar etter Plan og bygningsloven vert ivaretatt og for at blankettar vert utfylte korrekt og levert samla til kommunen. Dette bidrar til ein lettare og raskare saksbehandling.

Dersom avløpsanlegget, eller deler av dette, vert liggjande på ein annan sin eigedom må det inngåast ein avtale om rett til å etablera og vedlikehalda anlegget. Avtalen må gjelda både nåverande og framtidige eigarar av eigedommane og han må tinglysast.

Søknadsskjema skal fyllast ut av ansvarshavande og signerast av vedkomande og tiltakshavar og sendas inn samen med påkrevd dokumentasjon og prosjektering til kommunen si byggjesaksavdeling.

Du som anleggseigar bør ikkje gjøra avtale om kjøp direkte med ein leverandør av ein type avløpsanlegg. Det er ikkje sikkert at denne løysinga vert godkjent hos dykk.

 

Det er altså ikkje nødvendig at du som eigar sett deg inn i alle dei ulike typane av reinseløysningar på marknaden. Det er likevel viktig at du set deg inn i prinsippa for det anlegget som vert bygd hos deg! Dette for å kunna sikra rett bruk og oppdaga eventuelle feil som kan oppstå i ein tidlig fase. Det vil både kunna auka levetida til avløpsanlegget og minske faren for forureining.

 

Slamavskiljar

Alle som har eit privat avløpsanlegg er pliktig til å vera med på kommunen si ordning med tømming av slamavskiljar og liknande.

 

 

 

 

 

 

Avløpspumpestasjon Eivindsholen - Klikk for stort bilete Øyvind Østbø

Publisert av Reidunn Øglænd. Ansvarleg Øyvind Østbø. Sist endra 07.10.2016
Fann du det du leita etter?
 
  • Time kommune
  • Rådhuset, Arne Garborgs veg 30, 4344 Bryne
  • Telefon: 51 77 60 00
  • Telefax:  51 48 15 00
  • Postadresse: Postboks 38, 4349 Bryne
  • E-postadresse:post@time.kommune.no
  • Organisasjonsnr.: 859 223 672
     
Servicetorget 51 77 60 00
Legevakt: 51 42 99 99
Vakttelefon: 90 16 80 99     
  • Ansvarleg redaktør: Brit Nilsson Edland
  • Webredaktør: Elin Wetås de Jara
  • Webmaster: Reidunn Øglænd

© 2013 Time Kommune Design - ACOS / CMS - ACOS InfoLink

vibe
Login for redigering Login for redigering