Kommunale bustader og bufellesskap

Dei kommunale bustadene skal nyttast til personar som ikkje sjølv kan ivareta sine interesser på bustadmarknaden og som treng hjelp til å skaffa seg eigna husvære for kortare eller lengre tid grunna helse- og sosiale vanskar.
Bufellesskap er bueininger med personale enten heile eller delar av døgnet.

Bustadene er delt inn i 2 kategoriar:

  • Utleigebustader som vert utleigd for eit avgrensa tidsrom - gjerne tre år.
  • Bufellesskap med personale heile eller delar av døgnet.


Vilkår for tildeling av kommunal bustad:

  • Vera sosialt vanskelegstilt utan økonomisk evne til sjølv å kjøpa eller leiga eigna husvære.
  • Ha varig nedsett fysisk og/eller psykisk funksjonsevne.
  • 1. gongs etablering av flyktningar som skal busetjast i kommunen i tråd med vedtak. 
  • Ha manglande evne til sjølv å skaffa seg eigna husvære.
     

Bustadene vert tildelt av eit kommunalt bustadutval som har møte ein gong i månaden. Søknadsskjema ligg i menyen til høgre. Det er eigenbetaling for kommunale bustader og bufellesskap (PDF, 221 kB). Opplysningar kan ein få ved å venda seg til servicetorget på rådhuset eller på tlf. 51776000. Her kan ein og søkje om bustønad i Husbanken.
 

Mellombels butilbod
Har du eit akutt bustadbehov og ikkje kan skaffe deg tak over hovudet på eiga hand, pliktar kommunen å finne eit mellombels butilbod til deg. Opplysningar om dette kan ein få ved å venda seg til NAV.

Ansvarleg Sveinung Riska. Sist endra 07.11.2016
Fann du det du leita etter?
 
  • Time kommune
  • Rådhuset, Arne Garborgs veg 30, 4344 Bryne
  • Telefon: 51 77 60 00
  • Telefax:  51 48 15 00
  • Postadresse: Postboks 38, 4349 Bryne
  • E-postadresse:post@time.kommune.no
  • Organisasjonsnr.: 859 223 672
     
Servicetorget 51 77 60 00
Legevakt: 51 42 99 99
Vakttelefon: 90 16 80 99     
  • Ansvarleg redaktør: Brit Nilsson Edland
  • Webredaktør: Elin Wetås de Jara
  • Webmaster: Reidunn Øglænd

© 2013 Time Kommune Design - ACOS / CMS - ACOS InfoLink

vibe
Login for redigering Login for redigering