Klarlegging av grenser

Når ein eigedom manglar grensemerke, kan kommunen etter ynskje frå grunneigar sette ut nye merke

For eigedommar der grensene tidligare er koordinatbestemt med god kvalitet, dvs. 13 cm eller mindre, blir grensemerka sett direkte ut i marka. Grunneigarar samt naboar blir gitt skriftleg informasjon om kva for grensepunkt som er markert.

For eigedommar der grensene ikkje tidlegare er blitt koordinatbestemt, det vil sei at grensepunkta har dårligare kvalitet enn 13 cm, må det gjennomførast ei oppmålingsforretning ute i marka. Ønska grense blir då fastlagt av aktuelle partar. Kommunen sett ned grensemerke der partane blir samde om at dei skal stå. Grensmerka blir målte inn og deretter ført i matrikkelen.

Når grenseutsetjinga fører til at koordinatane til grensepunkta blir endra med meir enn 13 cm, sender kommunen ut nytt matrikkelbrev for eigedomen til dei aktuelle partane.

 

Dersom de ynskjer klarlegging av grenser, eller meir informasjon om dette, ta kontakt med servicetorget i kommunen for vidare henvisning.

Kommunen fakturerer for denne tenesta.

 
Klage:
Oppmålingsforretning i samband med grensepåvisning kan påklagast av partane innan 3 veker etter at resultatet for oppmålingsforretninga er gjort kjent.

 
Publisert av Lene Dalsegg. Ansvarleg Ole Geir Grønås. Sist endra 12.09.2016
Fann du det du leita etter?
Gebyr (1)
 
  • Time kommune
  • Rådhuset, Arne Garborgs veg 30, 4344 Bryne
  • Telefon: 51 77 60 00
  • Telefax:  51 48 15 00
  • Postadresse: Postboks 38, 4349 Bryne
  • E-postadresse:post@time.kommune.no
  • Organisasjonsnr.: 859 223 672
     
Servicetorget 51 77 60 00
Legevakt: 51 42 99 99
Vakttelefon: 90 16 80 99     
  • Ansvarleg redaktør: Brit Nilsson Edland
  • Webredaktør: Elin Wetås de Jara
  • Webmaster: Reidunn Øglænd

© 2013 Time Kommune Design - ACOS / CMS - ACOS InfoLink

vibe
Login for redigering Login for redigering