Eigedomstenester

Eigedomstenester er ei samlebetegnelse for mange tema, og vil kort seie ei endring i eigedomsgrenser. Under kan du lesa meir om grensejustering, arealoverføring, jordsameige, deling av eigedom, anleggseigedom og samanslåing av eigedommar.

Grensejustering

For å retta opp lite formålstenlege grenser mellom eigedommar, kan det søkjast om grensejustering for mindre areal. Meir om grensejustering.

 

Arealoverføring

Arealoverføring opnar for å overføre større areal mellom to eigedommar enn kva som er mogleg i form av grensejustering. Meir om arealoverføring.

 

Jordsameige

Eit jordsameige er eit sameige av grunn som ligg i utmark. Eit jordsameige kan registrerast som ei eiga matrikkeleining (eigedom) der fleire partar med kvar sin del eig ei eining saman. Meir om jordsameige.

 

Deling av eigedom

Ved deling av eigedom, blir eit areal av ein eksisterande eigedom delt frå og oppretta som ein eigen eigedom med eige matrikkelnummer; dvs. eige gardsnummer og bruksnummer. Meir om deling av eigedom.

 

Anleggseigedom

Når det blir etablert ein eigedom over eller under ein annan eigedom, definerer ein dette i matrikkellova som ein anleggseigedom eller ein volumeigedom. Meir om anleggseigedom.

 

Samanslåing av eigedommar

To eller fleire eigedommar som ligg i same kommune og som har same heimelshavar, kan slåast saman til ein eigedom. Meir om samanslåing av eigedommar.

Publisert av Lene Dalsegg. Sist endra 14.12.2016
Fann du det du leita etter?
 
  • Time kommune
  • Rådhuset, Arne Garborgs veg 30, 4344 Bryne
  • Telefon: 51 77 60 00
  • Telefax:  51 48 15 00
  • Postadresse: Postboks 38, 4349 Bryne
  • E-postadresse:post@time.kommune.no
  • Organisasjonsnr.: 859 223 672
     
Servicetorget 51 77 60 00
Legevakt: 51 42 99 99
Vakttelefon: 90 16 80 99     
  • Ansvarleg redaktør: Brit Nilsson Edland
  • Webredaktør: Elin Wetås de Jara
  • Webmaster: Reidunn Øglænd

© 2013 Time Kommune Design - ACOS / CMS - ACOS InfoLink

vibe
Login for redigering Login for redigering