Adressering

Offisiell adresse blir gitt til eigedommar som nyttast til:

  • bustadføremål
  • friluftsføremål
  • næringsverksemd
  • offentleg verksemd
  • annan verksemd som tener eit større publikum (idrettsanlegg o.l)

 

Kommunen adresserer/endrar adresse når det er nødvendig, for eksempel:

  • når tilkomstvegane vert endra
  • frådeling av nye tomter og/eller oppføring av nye bygg
  • det er vanskeleg å finne fram til ei adresse

 

Vegnamn

Kommunen fattar vedtak om nye vegnamn og endring av eksisterande vegnamn. Du kan lesa meir om vegnamn i denne artikkelen.

 

Vegnamnkart

Time kommune har utarbeidd vegnamnkart over Bryne, Kvernaland, Lye og Undheim, desse kan du finna her.

 

Adressenummer

Kommunen tildeler og endrer offisielle adresser. Kommunen avgjer og kva veg eller gate ein eigedom eller bygning skal ha adresse til og kva for adressenummer den skal ha. Du kan lesa meir om adressenummer her.

 

Bustadnummer

Bustadnummer nyttar ein der fleire bustadeiningar har samme gateadresse, eksempelvis for husvære i ei blokk. Du kan lesa meir om bustadnummer her.


Klage

Ved klage over tildeling/endring av offisiell adresse etter matrikkellova, er klageretten avgrensa til:

a)kva for gate, veg eller liknande ein bygning eller eigedom skal ha adresse til.
b)kva for adressetilleggsnamn eller matrikkeladresse som er tildelt adressa.
c)feil tildelt adressenummer eller brukseiningsnummer.

Det er ikkje mogleg å klage på skrivemåten for namn på gate, veg, gangveg og område eller liknande. Dette gjeld og adressetilleggsnavn og matrikkeladresse. Vedtak om dette skjer i medhald av stadnamnlova.

Publisert av Lene Dalsegg. Ansvarleg Ole Geir Grønås. Sist endra 14.12.2016
Fann du det du leita etter?
Lover og forskrifter (2)
Eksterne lenker
 
  • Time kommune
  • Rådhuset, Arne Garborgs veg 30, 4344 Bryne
  • Telefon: 51 77 60 00
  • Telefax:  51 48 15 00
  • Postadresse: Postboks 38, 4349 Bryne
  • E-postadresse:post@time.kommune.no
  • Organisasjonsnr.: 859 223 672
     
Servicetorget 51 77 60 00
Legevakt: 51 42 99 99
Vakttelefon: 90 16 80 99     
  • Ansvarleg redaktør: Brit Nilsson Edland
  • Webredaktør: Elin Wetås de Jara
  • Webmaster: Reidunn Øglænd

© 2013 Time Kommune Design - ACOS / CMS - ACOS InfoLink

vibe
Login for redigering Login for redigering