Forsøpling

Det er ulovleg å kaste frå seg avfall, eller oppbevare avfall på ein slik måte at det er skjemmande for nærmiljøet og naturen rundt oss. Ulovleg kasta avfall kan føre til skade på menneske, dyr og miljø. Det er alltid forureinar som har ansvaret for å rydde opp avfallet etter seg


Søppel på kommunale friområde, offenlege stader og turområde

Ta alltid avfall og hundeposar med heim dersom det ikkje er søppelkasse til å kaste avfallet i. Dei mest besøkte turområda og badestrendene har offentlege søppelkorger som skal nyttast til småsøppel som du ønskjer å kaste. Miljøstasjonane som er plasserte rundt om i kommunen skal kun nyttast til å kaste glas- og metallemballasje i. Dersom nokon set frå seg anna avfall, må dei anten rydde opp eller betale for at andre rydder.

 

Søppel på privat eigedom

Søppel på privat eigedom er grunneigar sitt ansvar. Kommunen kan med heimel i forureiningslova påleggje grunneigar å rydde dersom avfallet er skjemmande, eller kan vere til skade for miljøet. Meld raskt i frå til kommune dersom du oppdagar forureining eller forsøpling.

 

Ryddeaksjonar og herrelaust avfall

Ta kontakt med kommunen sin miljø- eller avfallsavdeling dersom klassen eller laget ditt ønskjer å rydde «herrelaust avfall». Til dømes så har «Hold Norge Reint» ein eigen strandryddedag kvart år, der dei oppmodar folk til å rydde langs strender, vatn og vassdrag. I 2017 er denne dagen den 6. mai. Les gjerne meir om aksjonen på Hold Norge rent.
 

 

Hugs at å unngå forsøpling er eit felles ansvar. Alle kan delta for å halde naturen og miljøet ryddig og fritt for søppel.



 

Publisert av Reidunn Øglænd. Ansvarleg Anita Austigard. Sist endra 22.02.2017
Fann du det du leita etter?
 
  • Time kommune
  • Rådhuset, Arne Garborgs veg 30, 4344 Bryne
  • Telefon: 51 77 60 00
  • Telefax:  51 48 15 00
  • Postadresse: Postboks 38, 4349 Bryne
  • E-postadresse:post@time.kommune.no
  • Organisasjonsnr.: 859 223 672
     
Servicetorget 51 77 60 00
Legevakt: 51 42 99 99
Vakttelefon: 90 16 80 99     
  • Ansvarleg redaktør: Brit Nilsson Edland
  • Webredaktør: Elin Wetås de Jara
  • Webmaster: Reidunn Øglænd

© 2013 Time Kommune Design - ACOS / CMS - ACOS InfoLink

vibe
Login for redigering Login for redigering