Bioposar og plastsekker

Det er renovatøren som deler ut bioposar for matavfall og plastsekker for plastemballasje. Det er vanleg for ein husstand og bruka omlag 5 rullar med plastsekker, og 2-4 rullar med bioposar i året. Posar og sekker får du på følgjande måte:



Biopose: knyt på ein biopose på hanken på avfallsdunken din, og renovatøren vil leggja ein pakning med to rullar på dunken din.
 

Plastsekker: knyt på ein plastsekk eller vanleg handlepose på hanken på dunken for restavfall, bioavfall eller plast, og renovatøren vil leggja av ein rull til deg.

Andre avfallsordningar:

Nedgravde anlegg, felles søppelrom eller felles avfallsdunkar (660 L) vil få utdelt sekker og bioposar i desember kvart år. Det er også mogleg å henta nye posar og sekker på Servicetorget på Rådhuset. Desse kan hentast utan ekstra kostnad.

 

Ekstrasekker

Kvitteringsmerke for ekstra avfallssekk kan du kjøpa på Rådhuset (servicetorget). Merka kostar kr. 40,- per stykk, og kan nyttast for alle avfallsfraksjonar. Ekstrasekken skal setjast saman med rett type avfallsdunk (papir ved papir, restavfall ved restavfall).


 

Publisert av Reidunn Øglænd. Ansvarleg Anita Austigard. Sist endra 22.02.2017
Fann du det du leita etter?
 
  • Time kommune
  • Rådhuset, Arne Garborgs veg 30, 4344 Bryne
  • Telefon: 51 77 60 00
  • Telefax:  51 48 15 00
  • Postadresse: Postboks 38, 4349 Bryne
  • E-postadresse:post@time.kommune.no
  • Organisasjonsnr.: 859 223 672
     
Servicetorget 51 77 60 00
Legevakt: 51 42 99 99
Vakttelefon: 90 16 80 99     
  • Ansvarleg redaktør: Brit Nilsson Edland
  • Webredaktør: Elin Wetås de Jara
  • Webmaster: Reidunn Øglænd

© 2013 Time Kommune Design - ACOS / CMS - ACOS InfoLink

vibe
Login for redigering Login for redigering