Næring og sysselsetting

I Time kommune er det eit mangfaldig og variert næringsliv med over 1 600 bedrifter. Kommunen er også ein stor landbrukskommune, med bønder som investerer og satsar på framtida. Med utgangspunkt i landbruket er det utvikla industri med høg kompetanse på fleire felt. Flest sysselsette finn me innan industrinæringa og verksemder som driv med varehandel, hotell og restaurant.

Med Bryne som bysentrum på Jæren har me stort fokus på servicenæringar og kulturbaserte næringar. Jærsk pågangsmot og arbeidsvilje saman med evna til å sjå framover, har lagt grunnlaget for næringsutviklinga i Time. Etablering av konseptet "Matfatet Jæren" og nasjonalt Garborgsenter er gode eksempel på korleis me ønskjer å bidra til ei spennande utvikling av Jæren.

Ein regional samarbeidspartnar

Kommunane i Stavanger-regionen har lange og veletablerte samarbeidstradisjonar. Dette gjer Time til ein naturleg del av ein samordna og livskraftig næringsregion. Regionalt har me ein felles bu og arbeidsmarknad som vert utvikla og ivaretatt gjennom regionale planar innan mange felt.

Næringsarbeid i Time kommune

Kommunen ønskjer å vera ein positiv bidragsytar til auka sysselsetting og busetting. For å realisere desse tankane har me etablert ei eigen stilling som skal arbeida med næringsutvikling.

Næringssjefstillinga er plassert i skjæringspunktet mellom offentlig forvaltning og næringslivet. Ta derfor kontakt på e-post  dersom du:

  • Har problemstillingar du har støtt på i forhold til kommunen, som du ønskjer å drøfteNæringssjef Reidar Hebnes - Klikk for stort bileteNæringssjef Reidar Hebnes Ingeborg Skrudland
  • Ikkje veit kven du skal kontakta i samband med bedrifts-, eigedoms- og næringsutvikling
  • Har nyttige innspel og tips om næringsutviklinga i Time og regionen.

    Her kan du lesa om Time kommune sin  regionale analyse  (DOCX, 1015 kB)og næringsstrategien vår.

 

 

Sjå og:

Næring i Time (foldar)

Jæren produktutvikling

Skape.no etablerersenteret for Rogaland

Nyhende frå Stavangerregionen

Byutviklingsprosjektet

Få hjelp til å søkja om tilskot

Arealguiden - eit verktøy for å søkja og finna informasjon om ledige nærings- og tomteareal i regionen

The energetic region: Stavanger

Innlegg frå Eksport frå Jæren

Publisert av Reidunn Øglænd. Ansvarleg Reidar Hebnes. Sist endra 13.03.2017
Fann du det du leita etter?
 
  • Time kommune
  • Rådhuset, Arne Garborgs veg 30, 4344 Bryne
  • Telefon: 51 77 60 00
  • Telefax:  51 48 15 00
  • Postadresse: Postboks 38, 4349 Bryne
  • E-postadresse:post@time.kommune.no
  • Organisasjonsnr.: 859 223 672
     
Servicetorget 51 77 60 00
Legevakt: 51 42 99 99
Vakttelefon: 90 16 80 99     
  • Ansvarleg redaktør: Brit Nilsson Edland
  • Webredaktør: Elin Wetås de Jara
  • Webmaster: Reidunn Øglænd

© 2013 Time Kommune Design - ACOS / CMS - ACOS InfoLink

vibe
Login for redigering Login for redigering