Andreas Bøe 1916 - 2001.

Kunstnaren Andreas Bøe vart fødd på Forus i 1916. Før debuten var han elev av Georg Backer Berg og Per Krohg.

Kunstnaren Andreas Bøe - Klikk for stort bilete

Han debuterte på Vestlandsgruppen i 1939 med m.a. biletet "Mor". Same året vann han 3. prisen i landskonkurransen om utsmykking av Stavanger Krematorium.

I 1945-46 studerte han på Kunstakademiet under Jean Heiberg og Aage Storstein.

I 1945 debuterte han på Høstutstillingen med biletet "Arne og Inger", som er brukt på framsida av denne foldaren (PDF, 650 kB) . Biletet er malt i 1942.

Seinare hadde han fleire studieopphald i utlandet, m.a. i Italia hos professor Signorini ved Accademia de Belle Arti i Ravenna.

Han har hatt mange utstillingar både i Noreg og i utlandet gjennom åra; ikkje minst har han vore trufast mot sitt eige heimfylke, med både utstillingar og utsmykkingar.

I over femti år var Bøe aktiv som kunstnar. Han tok vel vare på kunnskapen sin, og vidareutvikla han gjennom sitt eige uttrykk.

Frå det første han såg av Emil Abrahamsen då denne sat og malte på garden heime på Forus, til Hardangerserien i 1990-åra, er det ei konstant utvikling; mange av dei sentrale bileta kom etter at han hadde passert 70. "Hans kunstnervirksomhet har vært karakterisert gjennom det vitale og alltid søkende," seier Lau Albrektsen.

I 1999 gav Andreas Bøe ei storslått gåve til Time kommune, beståande av over femti maleri og ca 20 grafiske blad. Samlinga inneheld for det meste kunst av Bøe, men òg av andre kunstnarar som han har samla gjennom åra.

Eit vekslande utval frå denne samlinga er nå utstilt i eit eige galleri, som ligg i andre etasjen i Bryne Mølle, like ved innkøyringa til Bryne sentrum frå RV44, ved Mølledammen.

"Andreas Bøes storslagne gave til Time kommune er spesiell, ikke bare ut fra sin størrelse og malerienes kustneriske kvalitet. Det faktum at kunstneren gjennom hele sitt liv har lagt til side og følgelig hatt i sin varetekt sentrale verker fra sin produksjon, har gjort det mulig for han å komponere en samling malerier som gir et usedvanlig instruktivt bilde av hans livsverk," skriv Lau Albrektsen i heftet Andreas Bøe (2004).



 

Publisert av Reidunn Øglænd. Ansvarleg Sigbjørn Reime. Sist endra 21.11.2016
Fann du det du leita etter?
 
  • Time kommune
  • Rådhuset, Arne Garborgs veg 30, 4344 Bryne
  • Telefon: 51 77 60 00
  • Telefax:  51 48 15 00
  • Postadresse: Postboks 38, 4349 Bryne
  • E-postadresse:post@time.kommune.no
  • Organisasjonsnr.: 859 223 672
     
Servicetorget 51 77 60 00
Legevakt: 51 42 99 99
Vakttelefon: 90 16 80 99     
  • Ansvarleg redaktør: Brit Nilsson Edland
  • Webredaktør: Elin Wetås de Jara
  • Webmaster: Reidunn Øglænd

© 2013 Time Kommune Design - ACOS / CMS - ACOS InfoLink

vibe
Login for redigering Login for redigering