Garborgdagar i Time kommune

Logo Garborgdagar i Time - Klikk for stort bilete

Den 25. januar 1851 vart Aadne Eivindsen Garborg fødd på Garborg i Time. Den gløgge odelsgutten skulle bli ein av våre største diktarar og samfunnsformarar, kjend både i Norge og i Europa.

"Garborg var gullalderens mest omfattende ånd, og hos ingen var som hos ham så meget forenet," seier Arnulf Øverland.

"Arne Garborg er ein forfattar som ikkje blir forelda. Romanane hans er djuptloddande og gripande, essaya hans er klåre og skarpsynte, og han slår seg aldri til ro i ein posisjon. Emna han arbeidde med er vi framleis ikkje ferdige med: religionen i moderne tid, forholdet mellom lokal/nasjonal identitet og det europeiske, korleis folk faktisk kan få politisk påverknad og makt," seier Jan Inge Sørbø. Me har ingen problem med å slutta oss til desse utsegnene.

Garborgdagar i Time legg opp til å kunna tilby eit variert og allsidig program i veka kring den 25. januar. Det vil vera fleire forskjellige tilbod knytta sterkare eller lausare til den store diktaren, som alle vil vera med på å halda minnet om han levande, og slik visa sanninga i Sørbøsitatet ovanfor for komande slekter.

Garborgdagar skal innehalda noko for alle, med både alvor og skjemt, både for Garborgvenner og dei me håpar skal verta det. Derfor er de alle velkomne til Garborgdagar i Time!

Nedanfor finn du korte rapportar frå gjennomførte Garborgdagar:

Garborgdagar 2017 (PDF, 730 kB)

Garborgdagar 2016 (PDF, 792 kB)
Garborgdagar 2015
Garborgdagar 2014 (PDF, 855 kB)
Garborgdagar 2013 (PDF, 876 kB)
Garborgdagar 2012 (PDF, 580 kB)
Garborgdagar 2011

Publisert av Janne Berit Nese. Ansvarleg Bjørn Meling. Sist endra 07.06.2017
Fann du det du leita etter?
 
  • Time kommune
  • Rådhuset, Arne Garborgs veg 30, 4344 Bryne
  • Telefon: 51 77 60 00
  • Telefax:  51 48 15 00
  • Postadresse: Postboks 38, 4349 Bryne
  • E-postadresse:post@time.kommune.no
  • Organisasjonsnr.: 859 223 672
     
Servicetorget 51 77 60 00
Legevakt: 51 42 99 99
Vakttelefon: 90 16 80 99     
  • Ansvarleg redaktør: Brit Nilsson Edland
  • Webredaktør: Elin Wetås de Jara
  • Webmaster: Reidunn Øglænd

© 2013 Time Kommune Design - ACOS / CMS - ACOS InfoLink

vibe
Login for redigering Login for redigering