Tryggleiksalarm

Tryggleiksalarm skal sikra tryggleik for den einskilde til å kunna bu lengst mogleg heime. Alarmknappen har du på deg rundt handleddet eller halsen. Alarmen er ein enkel måte å få kontakt med omsorgstenestene på, om det skulle bli behov for det.

Bilete frå Fritz Røed parken på Bryne - Klikk for stort bilete

For å få tryggleiksalarm er det nødvendig å søkja om dette på omsorg sitt søknadsskjema. Alle som er over 70 år og bur i kommunen får tildelt tryggleikssalarm om dei ønskjer dette.

For andre vert det gjort ei skjønnsmessig vurdering på grunnlag av følgjande forhold:

1.  Søkjar må bu i Time kommune.
2.  
Bu aleine eller vere utan forsvarleg tilsyn 
     deler av døgnet.
3.  Vera i stand til å nytta alarmen og vera
     motivert for tilbodet.
4.  Ha sjukdom eller nedsett funksjonsevne som i visse 
     høve hindrar bruk av vanleg telefon.
5.  Sikra at tryggleiksalarmen førebyggjer bruk av andre tenester.

Punkta 1-3 må vera oppfylte. I tillegg må eit av punkta 4-5 vera oppfylte.

Det er eigenbetaling for denne tenesta.


Kommunen syter for tilkopling og alt utstyr, bortsett frå ein ekstra husnøkkel som må fremskaffast av søkjar. Frå søknad, fullmaktskjema og husnøkkel er motteke, vil det ta opptil to veker å få tryggleiksalarm montert.

Om det er ønskjeleg med meir opplysningar om tenesta, kan ein kontakta kommunen sitt servicetorg på rådhuset.

Rådhuset i Time med servicetorget inn hovudinngangen (A), finn du i Arne Garborgsveg 30, Bryne.

Ekspedisjonstid: Måndag - fredag kl. 07.30 - 15.00.

Postadresse: Postboks 38, 4349 BRYNE.

Telefon: 51 77 60 00
Telefaks: 51 48 15 00

E-post: post@time.kommune.no

Publisert av Eva Tone Fosse. Ansvarleg Kristine Ims Larsen. Sist endra 09.06.2017
Fann du det du leita etter?
 
  • Time kommune
  • Rådhuset, Arne Garborgs veg 30, 4344 Bryne
  • Telefon: 51 77 60 00
  • Telefax:  51 48 15 00
  • Postadresse: Postboks 38, 4349 Bryne
  • E-postadresse:post@time.kommune.no
  • Organisasjonsnr.: 859 223 672
     
Servicetorget 51 77 60 00
Legevakt: 51 42 99 99
Vakttelefon: 90 16 80 99     
  • Ansvarleg redaktør: Brit Nilsson Edland
  • Webredaktør: Elin Wetås de Jara
  • Webmaster: Reidunn Øglænd

© 2013 Time Kommune Design - ACOS / CMS - ACOS InfoLink

vibe
Login for redigering Login for redigering