Heimesjukepleie

Heimesjukepleie vert gitt til heimebuande i alle aldrar som treng somatisk hjelp heimla i Helse- og omsorgstenestelova. Heimesjukepleien har som mål at brukarane skal få bu i eigen heim så lenge som råd, også ved alvorleg sjukdom.

Bygd - Klikk for stort bilete

Tilbodet om somatisk heimesjukepleie gjeld for menneske med kronisk sjukdom, fysisk funksjonssvikt og lettare psykiske helseproblem som gjer at ein treng hjelp for å kunne bu heime.

Tenestetilbodet tek utgangspunkt i søknad om tenester, kartlegging av funksjonsnivå og tildeling av teneste i form av vedtak. Det er ingen eigenbetaling for denne tenesta.

Det er ikkje søknadsfrist for å søkja om heimesjukepleie.  Du kan ta kontakt med kommunen anten på søknadsskjema (PDF, 260 kB), e-post eller telefon til servicetorget 51 77 60 00.

Publisert av Eva Tone Fosse. Ansvarleg Lene Juul Hansen. Sist endra 28.10.2016
Fann du det du leita etter?
 
  • Time kommune
  • Rådhuset, Arne Garborgs veg 30, 4344 Bryne
  • Telefon: 51 77 60 00
  • Telefax:  51 48 15 00
  • Postadresse: Postboks 38, 4349 Bryne
  • E-postadresse:post@time.kommune.no
  • Organisasjonsnr.: 859 223 672
     
Servicetorget 51 77 60 00
Legevakt: 51 42 99 99
Vakttelefon: 90 16 80 99     
  • Ansvarleg redaktør: Brit Nilsson Edland
  • Webredaktør: Elin Wetås de Jara
  • Webmaster: Reidunn Øglænd

© 2013 Time Kommune Design - ACOS / CMS - ACOS InfoLink

vibe
Login for redigering Login for redigering