Praktisk hjelp heime - heimehjelp

Praktisk bistand/heimehjelp er eit tilbod til dei/den som grunna sjukdom og nedsett helse er heilt avhengig av praktisk hjelp for å greie daglege gjeremål og kunne leve og bu sjølvstendig.

Bilde av ein steingard - Klikk for stort bilete

Tenesta kan omfatta reingjering av rom som er i dagleg bruk, innvendig vindusvask inntil to gonger pr. år, skifte av sengetøy, vask av klede i vaskemaskin, innkjøp av matvarer i næraste butikk, hjelp til å tilberede måltid og opplæring/rettleiing i bruk av elektrisk utstyr og husarbeid.

Det er vanleg å innvilga 1,5 timar hjelp kvar anna veke, og det er eigenbetaling for denne tenesta (PDF, 221 kB).

I tillegg til dei kommunalt tilsette heimehjelparane er det mogleg å velja privat leverandør; Hjemmeomsorg A/S.

Det er ingen søknadsfrist for å søkja om praktisk hjelp heime - heimehjelp. Du kan ta kontakt med kommunen enten ved å søkja på søknadsskjemaet, via e-post eller på telefon til servicesenteret tlf. 51 77 60 00.

Publisert av Eva Tone Fosse. Ansvarleg Lene Juul Hansen. Sist endra 28.10.2016
Fann du det du leita etter?
 
  • Time kommune
  • Rådhuset, Arne Garborgs veg 30, 4344 Bryne
  • Telefon: 51 77 60 00
  • Telefax:  51 48 15 00
  • Postadresse: Postboks 38, 4349 Bryne
  • E-postadresse:post@time.kommune.no
  • Organisasjonsnr.: 859 223 672
     
Servicetorget 51 77 60 00
Legevakt: 51 42 99 99
Vakttelefon: 90 16 80 99     
  • Ansvarleg redaktør: Brit Nilsson Edland
  • Webredaktør: Elin Wetås de Jara
  • Webmaster: Reidunn Øglænd

© 2013 Time Kommune Design - ACOS / CMS - ACOS InfoLink

vibe
Login for redigering Login for redigering