Frisklivstrening

Frisklivstrening er fysisk aktivitet i gruppe som føregår ute i naturen, på treningssenter/ treningssal eller i basseng. 

Tilbodet er til deg som treng ekstra støtte og rettleiing for å koma i gang med fysisk aktivitet.

 

Treninga er gruppebasert og vert leia av personell frå Frisklivssentralen. Tilbodet er basert på anbefalte treningsmetodar frå Helsedirektoratet. Hovudfokus skal vera bevegelsesglede med element av både styrke og kondisjon. Etter deltaking på Frisklivssentralen er målet at du vil fortsetja og vera fysisk aktiv i kvardagenFrisklivsentralen trim i naturen - Klikk for stort bilete

 

din og få betre helse både på kort og lang sikt. 

 



Helsegevinstar

Regelmessig fysisk aktivitet gjev store helsegevinstar, og effekten er godt dokumentert. Fysisk aktivitet reduserer blant anna risikoen for å utvikla høgt blodtrykk, diabetes type 2, blodpropp, fedme og psykisk uhelse. Personar som er fysisk aktive rapporterer betre humør, meir overskot og auka livskvalitet samanlikna med personar som er lite aktive.

 

 Effekten av å auka det fysiske aktivitetsnivået er avhengig av utgangspunktet. Dess lågare aktivitetsnivå ein person har i utgangspunktet, dess større effekt kan ventast om aktivitetsnivået vert auka.

Publisert av Reidunn Øglænd. Ansvarleg Gunhild Flatin Oftedal. Sist endra 14.11.2016
Fann du det du leita etter?
 
  • Time kommune
  • Rådhuset, Arne Garborgs veg 30, 4344 Bryne
  • Telefon: 51 77 60 00
  • Telefax:  51 48 15 00
  • Postadresse: Postboks 38, 4349 Bryne
  • E-postadresse:post@time.kommune.no
  • Organisasjonsnr.: 859 223 672
     
Servicetorget 51 77 60 00
Legevakt: 51 42 99 99
Vakttelefon: 90 16 80 99     
  • Ansvarleg redaktør: Brit Nilsson Edland
  • Webredaktør: Elin Wetås de Jara
  • Webmaster: Reidunn Øglænd

© 2013 Time Kommune Design - ACOS / CMS - ACOS InfoLink

vibe
Login for redigering Login for redigering