Frisklivssentralen i Time

Står du i fare for å utvikla eller har utvikla livsstilssjukdommar og ynskjer hjelp til å endra levevanar? Frisklivssentralen gjev rettleiing og støttar deg som ynskjer å endra levevanar knytta til fysisk aktivitet, kosthald eller tobakk. Du kan få oppfølging både individuelt og i gruppe.

Logo Frisklivsentralen - Klikk for stort bilete

Nærbilde av joggeskoene til ein som løper - Klikk for stort bilete Er dette noko for meg?
 

Frisklivssentralen har eit tilbod til personar over 18 år, som står i fare for, eller som har begynt å utvikla livsstilssjukdommar, som til dømes overvekt, diabetes og høgt blodtrykk. Ein treng ikkje ha nokon diagnose eller vera sjuk for å delta i tilbodet.

 

Helsedirektoratet rår til at alle vaksne bør vera moderat fysisk aktive i til saman minimum 30 minutt kvar dag eller i gjennomsnitt 3,5 timar i løpet av ei veke.

 

Vårt motto: "Små steg - stor endring"

 

Fokus på at små kloke val på sikt gjev endring og ikkje minst helsegevinst hjå deg som deltakar. Me tilbyr hjelp og rettleiing slik at du sjølv finn ut kva som er viktig for deg og realistisk å få til i eigen kvardag. Me ynskjer å støtta og motivera deg til å finna ut kva som kan fungera for deg for å få ei betre helse. Me har fagkunnskap om fysisk aktivitet, kosthald, røykeslutt, samt endringsprosessar. Du er ekspert på deg sjølv og veit best kor skoen trykker. Saman jobbar me med å finne gode løysingar for å oppnå varig endring.

 

Illustrasjonsbilete friskliv mat - Klikk for stort bilete

Tilbod på Frisklivssentralen:

  • Helsesamtale
  • Trening i gruppe
  • Kosthaldsrettleiing og Bra Mat kurs
  • Tobakk - sluttveiledning
  • Livsstyrketrening

 

 

Aktuelle kurs:

Felles timeplan våren 2017 (PDF, 167 kB)

Bra mat kurs (JPG, 2 MB)

Røykesluttkurs (PDF, 43 kB)

Livstyrketrening (DOCX, 256 kB)

Mestringskurs for personar med KOLS (PDF, 344 kB)

Startskurs for deg som har nyoppdaga Diabetes 2

 

 

Aktuelt frå Frisklivssentralen:

Nyheitsbrev vår 2017 (DOCX, 361 kB)

 

Følg oss på facebook.

 

 

Kontaktinformasjon:

Ønskjer du ein helsesamtale, ta kontakt med frisklivsrettleiarane i Time kommune:

 

Gunhild F. Oftedal, tel:  51 77 63 19/ mob. 411 06 242. 

 

Ingrid Edland, tel: 51 77 83 32/ mob. 477 58 281.



 Kontakt oss på e-post


Henvisningsskjema (DOCX, 87 kB)
 


Frisklivssentralen i Time samarbeider tett med Frisklivssentralane i Gjesdal, Klepp og Hå. 

Den individuelle oppfølginga får du i heimkommunen din. Gruppetilboda kan du bruka i alle fire kommunane.

 

 

Publisert av Reidunn Øglænd. Ansvarleg Gunhild Flatin Oftedal. Sist endra 17.01.2017
Fann du det du leita etter?
Andre tilbod (2)
Idrettslag (1)
Utetrening (1)
 
  • Time kommune
  • Rådhuset, Arne Garborgs veg 30, 4344 Bryne
  • Telefon: 51 77 60 00
  • Telefax:  51 48 15 00
  • Postadresse: Postboks 38, 4349 Bryne
  • E-postadresse:post@time.kommune.no
  • Organisasjonsnr.: 859 223 672
     
Servicetorget 51 77 60 00
Legevakt: 51 42 99 99
Vakttelefon: 90 16 80 99     
  • Ansvarleg redaktør: Brit Nilsson Edland
  • Webredaktør: Elin Wetås de Jara
  • Webmaster: Reidunn Øglænd

© 2013 Time Kommune Design - ACOS / CMS - ACOS InfoLink

vibe
Login for redigering Login for redigering