Bustønad

 

Kva er bustønad? Bustønad er ei behovsprøvd statleg stønadsordning for dei som har låg inntekt og høge bukostnader

 

Husbanken og kommunen samarbeider om bustønadsordninga. Husbanken fattar vedtak, men det er kommunen som behandlar søknaden og har all kontakt med deg som søkjar.

 

Kor er bustøttekontoret i kommunen?

Servicetorget i Rådhuset, Arne Garborgsveg 30, 4344 Bryne, telefon 5177 6000


 

Sjekk om du kan få bustønad

På Husbanken sine nettsider kan du sjå kven som kan få bustønad, kva slag krav som gjeld for bustaden og kva for inntektsgrenser som gjeld. Du kan og prøve bustønadskalkulatoren.

 

Søk bustønad

Søknadsfristen for bustønad er den 25. kvar månad. Utbetaling skjer ca. den 20. i påfølgjande månad. Dersom du får godkjent bustønad, blir søknaden din overført til neste månad. Får du avslag fordi du har høg inntekt ein månad, blir søknaden din automatisk overført til neste månad.

 

Meld frå om endringar

Du har plikt til å melde frå dersom det er endringar i nokon av opplysningane du har gitt i søknaden. Sjekk alltid at det er brukt riktige opplysningar i vedtaket du får.

 

Klage på vedtak om bustønad

Om du meiner noko er feil i vedtaket, kan du klage innan 3 veker etter du fekk vedtaket.   

 

 

Meir informasjon
Du finn meir informasjon om bustønad på husbanken.no. Du kan og ta kontakt med kommunen for å få hjelp og rettleiing.

 

 

Regelverk

Publisert av Reidunn Øglænd. Ansvarleg Martina Graf-Rohr. Sist endra 13.01.2017
Fann du det du leita etter?
 
  • Time kommune
  • Rådhuset, Arne Garborgs veg 30, 4344 Bryne
  • Telefon: 51 77 60 00
  • Telefax:  51 48 15 00
  • Postadresse: Postboks 38, 4349 Bryne
  • E-postadresse:post@time.kommune.no
  • Organisasjonsnr.: 859 223 672
     
Servicetorget 51 77 60 00
Legevakt: 51 42 99 99
Vakttelefon: 90 16 80 99     
  • Ansvarleg redaktør: Brit Nilsson Edland
  • Webredaktør: Elin Wetås de Jara
  • Webmaster: Reidunn Øglænd

© 2013 Time Kommune Design - ACOS / CMS - ACOS InfoLink

vibe
Login for redigering Login for redigering