STORTINGS- OG SAMETINGSVALET 2017

FØREHANDSSTEMMING

Den 10. august startar den ordinære perioden for førehandsstemming. Dersom du ikkje kan møte fram i vallokalet på valdagen 11. september, kan du stemma på førehand. Du kan førehandsstemma i den kommunen du sjølv ønskjer. Førehandsstemmer du i ein annan kommune enn den du er innført i folkeregisteret, må du stemma så tidleg at førehandsstemma kjem til valstyret innan kl 17.00 dagen etter valet, 12. september 2017.


Førehandsstemming i Time kommune frå 10. august – 8. september.

Time Rådhus SERVICETORGET
Måndag - fredag        kl. 07.30 – 15.00

BIBLIOTEKET
Måndag-onsdag         kl. 08.00 – 19.00  (09:00 - 15:00)
Torsdag                      kl. 08:00 – 19:00  (09:00 - 18:00)
Fredag                        kl. 08:00 – 18:00  (09:00 - 15:00)
Laurdag                      kl. 10:00 – 16:00  (10:00 – 15:00)
                                               Sommaropningstider:
                                               (Fram til 20. august)i parentes.
 

Fredag 8. september 2017 kl. 15.00 blir førhandsstemminga i Time avslutta.


Det blir tatt imot førehandstemmer ved desse institusjonane:
Kvernaland omsorgssenter  måndag 21. august kl. 10.30 – 12.00

Sivdamsenteret                      tysdag   22. august kl. 10.30 – 12.00

Sivdamheimen                       tysdag   22. august kl. 12.15 – 13.15
Bryneheimen                         fredag   25. august kl. 10.00 – 11.00
Jæren Distriktspsykiatriske Senter fredag 25. august kl. 11.30 – 12.30


Ambulerande stemming/heimestemming:
Veljarar som på grunn av sjukdom eller uførleik ikkje kan møte opp å stemma, kan etter søknad til valstyret førehandsstemma der dei held til. Valstyret må ha motteke søknaden seinast 6. september 2017.

Adressa er: Valstyret i Time, Postboks 38, 4349 Bryne eller du kan send e-post til post@time.kommune.no.  Du kan og ringe 51 77 60 12.

Hugs å ta med valkort og legitimasjon når du skal førehandsstemma.

 

Reinert Kverneland
leiar i valstyret 

Publisert av Tone Storesætre. Sist endra 09.08.2017
Fann du det du leita etter?
 
  • Time kommune
  • Rådhuset, Arne Garborgs veg 30, 4344 Bryne
  • Telefon: 51 77 60 00
  • Telefax:  51 48 15 00
  • Postadresse: Postboks 38, 4349 Bryne
  • E-postadresse:post@time.kommune.no
  • Organisasjonsnr.: 859 223 672
     
Servicetorget 51 77 60 00
Legevakt: 51 42 99 99
Vakttelefon: 90 16 80 99     
  • Ansvarleg redaktør: Brit Nilsson Edland
  • Webredaktør: Elin Wetås de Jara
  • Webmaster: Reidunn Øglænd

© 2013 Time Kommune Design - ACOS / CMS - ACOS InfoLink

vibe
Login for redigering Login for redigering