Sprøyting mot ugras i Time kommune

 Mange innbyggjarar er opptatt av bruken av sprøytemiddel mot ugras. Time kommune har gått gjennom rutinane for sprøyting og er på leit etter nye og betre metodar for å bekjempa ugraset.

Blomster - Klikk for stort bilete

Time kommune har dei siste åra hatt som mål å redusera bruken av plantevernmiddel. I 2015 tok me i bruk varmt vatn mot ugras i skular og barnehagar som ein av dei første kommunane i Rogaland. Sprøyting med vatn er om lag fem gonger så tidkrevjande som bruk av sprøytemidler og kan ikkje nyttast i heile kommunen. Difor arbeider me no saman med forskningsmiljøet på Særheim for å finna nye metodar for å førebyggja og bekjempa ugras.

Sprøyting vert gjort for å hindra tilgroing og at ugras sprer seg. Dette er mellom anna viktig for landbruket. Me sprøyter også for å hindra at giftige  og uønskja planter sprer seg.

 

Etter nye reglar om skilting der det er sprøyta,  vert ugrasbekjempinga meir synleg. Det betyr ikkje at kommunen brukar meir sprøytemiddel enn tidlegare. Kommunen nyttar bare godkjente sprøytemiddel, og reduserer bruken av plantevernmiddel så langt det let seg gjera.

Etter forskrift om plantevernmiddel   skal desse midla ikkje nyttast på område der det er plassert leikeapparat eller der born leikar. Kommunen har dialog med Mattilsynet og andre kommunar for å finna gode løysingar når det gjeld ugras i område i nærleiken av leikeplassar. Skilting på leikeplassar betyr ikkje at leikeplassen er sprøyta med plantevernmiddel, men at det er sprøyta i området rundt.  

Etter spørsmål frå publikum i det siste har kommunen no gått gjennom rutinane for sprøyting og kva areal som skal sprøytast på ny. Målet er å redusera bruken av plantevernmidler enno meir.



Publisert av Reidunn Øglænd. Ansvarleg Ole Bjørn Maråk. Sist endra 07.07.2017
Fann du det du leita etter?
 
  • Time kommune
  • Rådhuset, Arne Garborgs veg 30, 4344 Bryne
  • Telefon: 51 77 60 00
  • Telefax:  51 48 15 00
  • Postadresse: Postboks 38, 4349 Bryne
  • E-postadresse:post@time.kommune.no
  • Organisasjonsnr.: 859 223 672
     
Servicetorget 51 77 60 00
Legevakt: 51 42 99 99
Vakttelefon: 90 16 80 99     
  • Ansvarleg redaktør: Brit Nilsson Edland
  • Webredaktør: Elin Wetås de Jara
  • Webmaster: Reidunn Øglænd

© 2013 Time Kommune Design - ACOS / CMS - ACOS InfoLink

vibe
Login for redigering Login for redigering