Vidaregåande opplæring for vaksne
Vaksne som har fullført grunnskolen eller tilsvarande, men som ikkje har fullført vidaregåande opplæring, har etter søknad rett til vidaregåande opplæring. Dette gjeld berre dei som er fødde før 1.1.1978. Opplæringa skal tilpassast behovet til kvar enkelt. Vaksne som får vidaregaende opplæring, har rett til opplæring i den tida som er fastsett i læreplanen. Opplæringa skal byggje på den formal- og realkompetansen den vaksne har frå før, dvs. gje eit tilbod som gjer det mogleg å fortsetje utdanninga frå det nivået den vaksne står på.
Målgruppe
Vaksne f.o.m. 25 år. I særlege høve også unge i alderen 16 til 24 år.
Kriterium
- Du har fullført grunnskolen eller tilsvarande
- Du har ikkje fullført vidaregåande opplæring
- Du har fylt 25 år, eller du har behov for eit meir tilpassa opplegg enn du kan få i vanleg vidaregåande skole
Pris
Opplæringa er gratis. Fylkeskommunen har ansvaret for å halde eleven med nødvendige trykte og digitale læremiddel og digitalt utstyr.
Handsaming
Fylkeskommunen gjer vedtak om opplæringa. I vedtaket går det fram om du har fått tildelt tenesta eller ikkje. Vedtaket vil også spesifisere kva tenesta omfattar.
Klage
Du kan klage på vedtaket om retten til inntaket innan ein frist på tre veker frå du mottok vedtaket. Klaga sender du til Fylkesmannen. I klaga skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Fylkeskommunen vil kunne gje deg rettleiing. Dersom du vil klage på andre forhold ved tenesta, er det klagenemnda i fylkeskommunen som er klageinstans.
Oppdatert
22.08.2008 12:47
Referanser
Handsamingstid
Fylkeskommunen har plikt til å behandle saka så snart som råd. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det, med opplysningar om når ein meiner at vedtaket vil bli gjort.
(soknadMottaker)
Fylkeskommunen