Plan 0489.00 - Kunngjering av planarbeid og høyring av planprogram og utbyggingsavtale

 

Norconsult AS gir på vegne av Time kommune melding om at følgjande reguleringsplanarbeid startar opp i samsvar med plan- og bygningslovas § 12-8:

 

Plan 0489.00 - Områdereguleringsplan for området for felles ungdomsskole med Klepp med nærliggjande bustad- og friområde i Morenefaret i Vardheia.

 

Planområdet

Planområdet ligg mellom Nordlysvegen i nord, og eksisterande bustadområde på Brynehaugen i sør, og inkluderer friareal ved Frøylandsvatnet, og grønstruktur ved Bryne kro og hotell.

 

Planområdet er på ca. 250 daa, og er vist som framtidig område for bustad, offentleg tenesteyting, samt friområde i gjeldande kommuneplan.

 

Føremålet med planarbeidet

Føremålet med planen er å legga til rette for ein ungdomsskule for Time og Klepp kommune, og ein idrettshall i tilknyting til skulen, samt bustadområde, friområde, og grøntdrag.

 

Planprogram

Planforslaget vil verta utarbeidd som områdeplan med konsekvensutgreiing i samsvar med plan- og bygningslovas §§ 12-9 og 4-1.

 

Det er utarbeidd eit planprogram som skisserer planarbeidet og legg fast kva for nokre tema som skal greiast ut. Forslag til planprogram vert lagt ut til høyring samtidig med varsel om oppstart.

 

Merknad

Eventuelle merknadar og opplysningar som kan ha betyding for planarbeidet, planprogrammet og/eller utbyggingsavtalen kan sendast inn som merknad til:

 

Norconsult AS v/Kjerlaug Marie Kuløy

Postboks 130

4065 Stavanger

 

Eller på e-post:

kjerlaug.marie.kuloy@norconsult.com

 

Frist for merknad er: 26.04.2017.

Merk om innspelet gjeld varsel om oppstart, planprogram eller utbyggingsavtale.

 

 

Vedlegg:

1 – Planprogram (PDF, 4 MB)

2 – Varslingskart (PDF, 3 MB)

Publisert av Henrik Iversen. Sist endra 09.03.2017
Fann du det du leita etter?
 
  • Time kommune
  • Rådhuset, Arne Garborgs veg 30, 4344 Bryne
  • Telefon: 51 77 60 00
  • Telefax:  51 48 15 00
  • Postadresse: Postboks 38, 4349 Bryne
  • E-postadresse:post@time.kommune.no
  • Organisasjonsnr.: 859 223 672
     
Servicetorget 51 77 60 00
Legevakt: 51 42 99 99
Vakttelefon: 90 16 80 99     
  • Ansvarleg redaktør: Brit Nilsson Edland
  • Webredaktør: Elin Wetås de Jara
  • Webmaster: Reidunn Øglænd

© 2013 Time Kommune Design - ACOS / CMS - ACOS InfoLink

vibe
Login for redigering Login for redigering