Ny sesong ved Fotland mølle og dei andre musea i Time

Årets utstillingsprogram ved Fotland mølle er klart. Også ved dei andre musea i Time er førebuingane til ein ny sesong godt i gang. 

Palmesundag er det sesongopning på Fotland mølle med utstillinga "Deilig er jorden" av Ferdinand Wyller. Sesongen går frå påske til byrjinga av desember. Følgande åtte utstillingar er planlagd i den gamle bygdemølla i år:

  • Ferdinand Wyller, sesongopning
    9. april, 13., 17., 23. og 30. april
  • Silje Natland m.fl.
    7., 14., 21., 25. og 28. mai.
  • Kjerstin Barkved
    Pinsehelga, og 11., 18. og 25 juni
  • Svanhild Latorre Weibel og Hannes keramikk:
    sommarutstilling: 2. juli – 13. august
  • Alexandra E. Lindh
    20. og 27. august, og 3., 10. og 17. september
  • Synnøve Skeie
    24. september og 1., 8., 15. og 22. oktober
  • Alf Terje Voll
    29. oktober og 5., 12., 19. og 26. november
  • Jæren husflidslag
    2. og 3. desember
 
Viktig frivillig innsats
Fleire av museumsanlegga Time kommune har ansvar for vert drifta i samarbeid med frivillige eldsjeler. Ved Fotland mølle, Fotland kraftstasjon, Træe på Line og Time bygdemuseum er frivillige i sving gjennom sesongen slik at musea vert tilgjengelege for publikum.
 
I februar var kulturminnenemnda og kontaktpersonar for anlegga samla for å oppdatera kvarandre og planleggja ein ny sesong. Leiar for nemnda, Anne Brit Ree, var tydeleg på at bidraget frå dei frivillige har stor verdi.
 
- Time kommune er ein kulturkommune. Det er fordi folk kan mykje og folk brukar mykje tid på kultur. Den frivillige innsatsen som vert lagt ned i desse musea betyr enormt mykje for kulturlivet, slo Anne Brit Ree fast.
 
Time bygdemuseum held ope ein sundag i månaden året rundt. Dei andre musea har faste opningstider i sommarsesongen. Gjennom året er det også mange skuleklassar, barnehagar og andre grupper som er innom dei ulike musea i Time.
 
Kulturminnenemnda og kontaktpersonar frå musea i Time var samla til felles møte. Frå venste: Leif Andenes, Tone Storesætre, Anne Brit Ree, Terje Jakobsen, Solveig Hadland, Torstein Tunheim, Dortea Haugland, Brita Fotland, Eli Undheim, Sigbjørn Reime og Trond Lie. - Klikk for stort bileteKulturminnenemnda og kontaktpersonar frå musea i Time var samla til felles møte. Frå venste: Leif Andenes, Tone Storesætre, Anne Brit Ree, Terje Jakobsen, Solveig Hadland, Torstein Tunheim, Dortea Haugland, Brita Fotland, Eli Undheim, Sigbjørn Reime og Trond Lie.
Publisert av Ingve Lende. Sist endra 18.08.2017
 
  • Time kommune
  • Rådhuset, Arne Garborgs veg 30, 4344 Bryne
  • Telefon: 51 77 60 00
  • Telefax:  51 48 15 00
  • Postadresse: Postboks 38, 4349 Bryne
  • E-postadresse:post@time.kommune.no
  • Organisasjonsnr.: 859 223 672
     
Servicetorget 51 77 60 00
Legevakt: 51 42 99 99
Vakttelefon: 90 16 80 99     
  • Ansvarleg redaktør: Brit Nilsson Edland
  • Webredaktør: Elin Wetås de Jara
  • Webmaster: Reidunn Øglænd

© 2013 Time Kommune Design - ACOS / CMS - ACOS InfoLink

vibe
Login for redigering Login for redigering