«Manda» pris til beste eksempel på Recovery

Fornøgde nominerte med prisvinnaren: Frå v. Cathrine Kleppe, Tor Arne Riskedal og Monica Skretting Grude - Klikk for stort bileteFornøgde nominerte med prisvinnaren: Frå v. Cathrine Kleppe, Tor Arne Riskedal og Monica Skretting Grude

 

Time kommune fekk nyleg positiv omtale i samband med KS Læringsnettverk for psykisk helse og rusarbeid for Rogaland og Sunnhordland. Erfaringskonsulent Tor Arne Riskedal var ein av erfaringskonsulentane som fekk utmerking for  beste recovery-støttande praksis. I tillegg vart to tilsette i kommunen nominerte til "Manda-prisen" for beste recovery-støtte og praksis som utmerkar seg innanfor  psykisk helse og rusarbeid.  

 

 

 

 

 

 

 

 

Recovery øvesett til norsk betyr betringsprosessar eller å koma seg. Det handlar om at brukaren skal vera sjef i eige liv, og å sjå moglegheiter framfor problem.  «Manda-prisen» fekk namnet sitt grunna at nettverkssamlinga føregjekk i Haugesund 29.-30. august, i kjølvatnet av Amandaprisudelinga og at sjølve ordet refererar til mandag for å heidre praksis som gjer folk ein betre kvardag.  

Tor Arne Riskedal arbeidar som erfaringskonsulent og likemann i psykisk helse og rusarbeid i Time kommune. Han var nominert saman med fire andre erfaringskonsulentar  frå Stavanger og Sandnes. Dei gjekk av med seiren for beste recovery-støttande praksis. Dei har arrangert kurset «Recovery-min prosess»,  eit kurs for likemenn, som vil seie menneske med erfaringskompetanse frå psykiatri eller rusavhengighet. Juryen begrunna dette med følgjande: «Recovery - min prosess» er et brukarstyrt og nyskapande tiltak med internasjonale røter. Innhaldet i kurset er midt i blinken for i forhold til kjenneteikna på recoverystøttande tiltak. Sjølvhevdelse, drøymar og mål er blant tema som tas opp på de 12 samlingane.

Rock teamet (respekt, omsorg, coaching, kompetanse) var og blant dei nominerte til prisen. Det er eit ambulant lågterskeltilbod for folk som slit med rusavhengigheit og kognitive utfordringar. Teamet består av Cathrine Klepp og Monica Grude. Dei har fokus på «noko å stå opp til og ein «normal kvardag», og har grensesprengande fysiske aktivitetar som gjer både høg puls og adrenalin-kick. Dei utgjer ein forskjell, og blei nominerte av juryen fordi dei er eit godt eksempel på eit tilbod som bygger på gode opplevingar og aktivitetar. Samstundes som dei bidrar til å styrka den positive identiteten til deltakarane. Tilbodet inneheld ein fin blanding av tradisjonelle og meir «rocka» aktivitetar.

Vi gratulerar Tor Arne Riskedal med prisen og det arbeidet han gjer i vår kommune, men samstundes også gratulera og gje honnør til Rock-teamet som vert nominerte, men som ikkje nådde heilt til topps denne gongen. Dykk gjer alle eit viktig arbeid  for å endra og utvikla tenester til menneske som har ulike vanskar i kvardagen.

 

Publisert av Maria Waage. Sist endra 01.09.2017
Fann du det du leita etter?
 
  • Time kommune
  • Rådhuset, Arne Garborgs veg 30, 4344 Bryne
  • Telefon: 51 77 60 00
  • Telefax:  51 48 15 00
  • Postadresse: Postboks 38, 4349 Bryne
  • E-postadresse:post@time.kommune.no
  • Organisasjonsnr.: 859 223 672
     
Servicetorget 51 77 60 00
Legevakt: 51 42 99 99
Vakttelefon: 90 16 80 99     
  • Ansvarleg redaktør: Brit Nilsson Edland
  • Webredaktør: Elin Wetås de Jara
  • Webmaster: Reidunn Øglænd

© 2013 Time Kommune Design - ACOS / CMS - ACOS InfoLink

vibe
Login for redigering Login for redigering