Kommunen og matnæring signerte matmanifest

Signering matmanifest.jpg - Klikk for stort bilete

 

 

Me er ein viktig jordbrukskommune. Derfor må me ta ansvar for korleis me forvaltar og brukar den verdien me har i lokale råvarer og lokal matkultur, sa ordførar Reinert Kverneland då han signerte regionalt matmanifest saman med leverandørar og hotell- og restaurantnæringa i kommunen.

Forteljinga er viktig for korleis maten smakar – me som serverer må fortelja gjesten om den som har produsert maten. Når me bryr oss om dei lokale produsentane kan me få til mykje, sa Jærkokken Heine Grov etter underteikninga. Han var ein av representantane for hotell- og restaurantnæringa som hadde møtt fram for å forplikta seg til lokal mat og matkultur etter matmanifestet. Leverandørane var også representerte med Bondelaget og fleire produsentar.

Rogaland er det viktigste jordbruksfylket i Norge, her på Jæren er me midt i matfatet og Bryne er erklært som jordbrukshovudstad, sa ordføraren, og lova at kommunen skulle leva opp til forventninga om å bruka lokal mat og mattradisjonar endå betre.

Matmanifestet er eit initiativ frå dei som driv landbruk og reiseliv saman med fylkesmann og fylkeskommune. Målet er å skapa stoltheit over lokale produkt og auka kunnskapen om bruken av kortreist mat.

Dei som signerte regionalt matmanifest på arrangementet i Time rådhus tysdag var: 
Heine Grov, Jærkokken 
Liv Ragnhild Lassen, Mat og Urter AS 
Einar Otto,Bryne Kro og Hotell 
Jone Fosse, Time bondelag 
Arne Nese, Ekte Matglede 
Torvald Hadland 
Jarle Sokkeland 
Christoffer Singstad og Hanna Tveiten, Børge Undheim AS 
Reinert Kverneland, Time kommune 
 

Publisert av Synnøve Obrestad Skrettingland. Ansvarleg Elin Wetås de Jara. Sist endra 06.09.2017
Fann du det du leita etter?
 
  • Time kommune
  • Rådhuset, Arne Garborgs veg 30, 4344 Bryne
  • Telefon: 51 77 60 00
  • Telefax:  51 48 15 00
  • Postadresse: Postboks 38, 4349 Bryne
  • E-postadresse:post@time.kommune.no
  • Organisasjonsnr.: 859 223 672
     
Servicetorget 51 77 60 00
Legevakt: 51 42 99 99
Vakttelefon: 90 16 80 99     
  • Ansvarleg redaktør: Brit Nilsson Edland
  • Webredaktør: Elin Wetås de Jara
  • Webmaster: Reidunn Øglænd

© 2013 Time Kommune Design - ACOS / CMS - ACOS InfoLink

vibe
Login for redigering Login for redigering