Gode erfaringar med asylmottak i Time

Time som vertskommune og Udi som oppdragsgjevar meiner begge at etableringa og drifta av desentralisert asylmottak på Bryne har vore vellukka. Mottaket vart oppretta i 2016 i forbindelse med den dåverande flyktningesituasjonen, og vert nå lagt ned. 

Møte Time kommune og Udi 18. april 2017  - Klikk for stort bilete

Regiondirektør Stig Arne Thune og assisterande regiondirektør Sissel Mehammer i Udi Vest besøkte tysdag politisk og administrativ leiing i Time kommune. Dei ønskja å lytta til erfaringane kommunen har hatt med å ha eit asylmottak i kommunen, og tankane til framtidig beredskap.

Time hadde allerede hausten 2015 beredskap for at det kunne verta aktuelt å bidra til flyktningestraumen gjennom Europa. Då mottaket vart etablert 1. mars 2016 var helse- og undervisningstilbod på plass, og kommunen hadde etablert god kontakt med stiftinga SANA,  som skulle vera driftsoperatør for mottaket.

Kommunen og SANA hadde ope informasjonsmøte om asylmottak før mottaket opna.  På eit stort folkemøte om flyktningsituasjonen i desember 2015 hadde mange innbyggjarar meldt seg som frivillige og ville bidra om det kom flyktningar til kommunen. Time auka også talet på flyktningar som skulle busetjast i kommunen, og opna for at det kunne etablerast mottak for enslige mindreårige flyktningar dersom det var behov.

Talet på asylankomstar til Norge avtok drastisk i 2016, og  Udi har nå ledig kapasitet i mottaka som er i drift. Mange av mottaka som vart oppretta i 2015 og 2016 vert nå avvikla. Det er også situasjonen for SANA sitt desentraliserte asylmottak på Bryne. 

Det har etter kommunen si oppfatning ikkje vore særlege utfordringar med å ha asylmottak når det gjeld tenesteleveranse, og heller ikkje i lokalmiljøet. Fleire flyktningar har bidratt til å skapa aktivitetar som har vore positive for innbyggjarane i kommunen, for eksempel i Time bibliotek.  Kommunen understrekte i samtalane med UDI at modellen med desentralisert mottak passa godt i Time.

UDI på si side er svært fornøgde med Time som beredskaps- og vertskapskommune, og tok med seg erfaringane og innspela frå kommunen til planlegging av framtidige tiltak for asylsøkjarar.  

Publisert av Synnøve Obrestad Skrettingland. Ansvarleg Elin Wetås de Jara. Sist endra 19.04.2017
Fann du det du leita etter?
 
  • Time kommune
  • Rådhuset, Arne Garborgs veg 30, 4344 Bryne
  • Telefon: 51 77 60 00
  • Telefax:  51 48 15 00
  • Postadresse: Postboks 38, 4349 Bryne
  • E-postadresse:post@time.kommune.no
  • Organisasjonsnr.: 859 223 672
     
Servicetorget 51 77 60 00
Legevakt: 51 42 99 99
Vakttelefon: 90 16 80 99     
  • Ansvarleg redaktør: Brit Nilsson Edland
  • Webredaktør: Elin Wetås de Jara
  • Webmaster: Reidunn Øglænd

© 2013 Time Kommune Design - ACOS / CMS - ACOS InfoLink

vibe
Login for redigering Login for redigering