Etablerer samarbeid med Bryne Røde Kors om Femira

Glad gjeng på Femira (Janne Berit Nese) - Klikk for stort bilete

I mange år har kvinner frå ulike verdsdelar kome saman for å praktisera norsk i den internasjonale kvinnegruppa Femira. Tilhaldsstaden har vore Bryne opne barnehage. Nå har gruppa flytta til nye lokale i Røde Kors-huset på Bryne fordi aukande besøk førte til behov for større plass og fleire frivillige.

FuelBox har mange tema til diskusjon (Janne Berit Nese) - Klikk for stort bilete Anne Tone Obrestad og Gunhild Petersen er frivillige på Femira (Janne Berit Nese) - Klikk for stort bilete

Onsdag denne veka var første gongen Femira vart arrangert i festsalen til Bryne Røde Kors. Nær 40 kvinner var samla rundt små bord der spørsmål om verdiar, haldningar, tradisjonar, relasjonar med meir vart drøfta under mykje lått og løye.

May Karin Tekle Time og Pervin Khalil frå Bryne Røde Kors hadde fått med seg mange frivillige som kunne snakka norsk med kvinnene med fleirkulturell bakgrunn. To av dei frivillige var Anne Tone Obrestad og Gunhild Petersen. Begge har engasjert seg i arbeidet for flyktningar og asylsøkjarar sidan 2015, men har aldri delteke på Femira før. Dei to fortel at dei reiste til Chios i Hellas for to år sidan for å hjelpa båtflyktningar gjennom bistandsorganisasjonen "Dråpen i havet". Nå vil begge vera med på Femira fordi dei ser at mange innvandrarar treng å praktisera norsk, og fordi dei er interesserte i å verta kjende med kvinner frå andre kulturar.

Ghada Mutwakil Adam kjem frå Sudan. Ho går i Femira for å læra nye ord og uttrykk, og bruka norsken meir aktivt. - Her får eg snakka norsk med andre kvinner, seier Adam. Også dei andre kvinnene med fleirkulturell bakgrunn fremja praktiseringa av norsken som viktig på Femiramøtene. - Men nå har me fått ein så stor og flott sal at me kan arrangera festar også, kom det frå ei av dei etiopiske kvinnene. Ja, kanskje det?


Det er Time kommune som har drive Femira. Me er svært glade for at Bryne Røde Kors nå engasjerer seg i dette arbeidet, og stiller med både lokale og frivillige.

Er du kvinne, og vil vera frivillig i Femira, er det berre å møta opp. Neste samling er 3. mai 2017 kl. 17.30 på Røde Kors-huset, Bryne. Du treng ikkje vera medlem i Røde Kors for å vera med.



















 

Publisert av Janne Berit Nese. Ansvarleg Janne Berit Nese. Sist endra 07.04.2017
Fann du det du leita etter?
 
  • Time kommune
  • Rådhuset, Arne Garborgs veg 30, 4344 Bryne
  • Telefon: 51 77 60 00
  • Telefax:  51 48 15 00
  • Postadresse: Postboks 38, 4349 Bryne
  • E-postadresse:post@time.kommune.no
  • Organisasjonsnr.: 859 223 672
     
Servicetorget 51 77 60 00
Legevakt: 51 42 99 99
Vakttelefon: 90 16 80 99     
  • Ansvarleg redaktør: Brit Nilsson Edland
  • Webredaktør: Elin Wetås de Jara
  • Webmaster: Reidunn Øglænd

© 2013 Time Kommune Design - ACOS / CMS - ACOS InfoLink

vibe
Login for redigering Login for redigering