Hugs at e-post og vanleg brevpost vil bli behandla i samsvar med Lov om offentlighet i forvaltningen. Dermed må du rekna med at innhaldet i meldinga di vil kunna bli offentleg tilgjengeleg.
Rådmannen sine oppgåver og myndighet etter kl. § 23
Rådmannen er øvste leiar for den samla kommunale administrasjon, med dei unntak som følgjer av lov rammer fastsett av kommunestyret.
Rådmannen skal sjå til at dei saker som blir lagt fram for folkevalde organ, er forsvarleg utgreidd, og at vedtak blir sett i verk.
Rådmannen har møte- og talerett, personleg eller ved ein av sine underordna, i alle kommunale organ med unntak av kontrollutvalet. Den underordna møter i eigenskap av rådmann.
Kommunestyret delegerer myndighet til rådmannen til å treffa vedtak i enkeltsaker eller typar av saker som ikkje er av prinsipiell karakter.