Vipa i kommunevåpenet symboliserer vår, optimisme og pågangsmot.
Bryne si historie
Namnet Bryne /'bry:ne / kjem av gmlno. brún: kant, skrent, og -vin: eng, natureng; og det stemmer godt med staden på høgdene ved sørenden av Frøylandsvatnet.
Bryne blei by 01.01.2001, og er dermed blant dei yngste byane i Noreg.
Staden voks fram som Thime Station, ein av stasjonsbyane langs Jærbanen, som kom i 1878. Etter kvart kom det bedehus (Saron 1878), krambu og industri; Jæderens Uldvarefabrik i 1898, og Jæderen Meieri s.å. Frå gardssmiene voks det fram ein jordbruksrelatert industri, med produksjon av plogar, slåmaskinar, fôrhaustarar og seinare gravemaskinar. Denne førte over i industri som gjekk andre vegar, m.a. med robotproduksjon.
Staden vart med åra også eit utdanningssenter, med meieriskule frå 1906, og Rogaland Landsgymnas frå 1924.
I 1921 vart namnet ved folkeavstemming endra til Bryne. Bryne voks fort til den største tettstaden på Jæren med fabrikkar, handverksbedrifter, verkstader, butikkar, bankar, pensjonat, hotell, kafear, legar, tannlegar og sakførarforretningar.
Sjølv om industriprofilen er endra, er "hovudstaden på Jæren" det ubestridne handelssenteret i regionen.
Bryne i dag
"Byen i parken" ligg ved RV 44, med den idylliske Mølledammen som naturleg midtpunkt. Her finn ein Fritz Røed Skulpturpark blant dei mange fuglane. Dei ti skulpturane med tema som opptok kunstnaren er plasserte anten i eller ved vatnet i Mølledammen.
Sentrum har lite igjen av gamle bygningar, og er prega av ei rivande utvikling. I bykjernen er det få villaeigedommar, mens tilveksten av husvære i nybygde bygardar er stor.
Den eldre busetnaden finns m.a. på Brynehaugen, der ein òg finn Bryne arbeidskyrkje.
Storgata er handlegate; Bryne nye torg med Fritz Røed sin mektige Garborgstatue ligg i den austlege enden av gata, og kulturhuset Bryne Mølle i den vestlige. I Bryne Mølle finn ein den flotte Andreas Bøe-samlinga, som kunstnaren gav til Time kommune. Aust for jernbanelina ligg kulturhuset Storstova på Jæren, like ved Time rådhus. Her kneisar Ståle Kyllingstad sin steilande bronsehest til minne om heltane frå krigen.
Bryne er Jæren sitt utdanningssenter med vidaregåande skular og kursverksemd.
Dei gamle industribedriftene er borte, i staden er det kome ein variert og avansert industri som ofte er oljerelatert.
Byen har eit rikt kultur- og foreiningsliv med fleire forsamlingshus, idrettslag, korps med meir. Her er òg eiga avis, Jærbladet, som kjem ut tre gonger i veka.
Dette kan du oppleva
Fotlandsområdet med Fotland mølle (1845) og Fotland kraftstasjon (1915) - eit eineståande område i sitt slag, og særleg på det flate Jæren.
Garborgheimen (1848) og Knudaheio (1899) - diktaren Arne Garborgs barndomsheim og sommarstove - karaktersterke stader for jærsk identitet.
Træe (1780) - husmannsplass og kårstove - den mest malte og fotograferte staden på Jæren.
Bryne arbeidskyrkje (1979), Time soknekyrkje (1859) og Undheim nye kapell (2002).
Sandtangen friluftsområde og turløype.