Time rådhus på Bryne i Rogaland fylke
Jan Thu
Time kommune ligg på Midt-Jæren. I nord og vest grensar kommunen til Klepp, i nordaust til Sandnes, i aust til Gjesdal og Bjerkreim og i sør til Hå. Kommunen har eit areal på 182 km2. Av dette er 13 km2 vatn og 68 km2 jordbruksareal.
I grove trekk kan ein seia at det er to landskapstypar i kommunen. I den vestre delen finn vi det typiske, flate Jær-landskapet. Her ligg og det meste av jordbruksareala.
Mot aust finn vi eit kupert og variert heilandskap med lynghei og noko skog og beite, og med talrike vatn, elvar og bekker innimellom.
Time kommune hadde 17 437 innbyggjarar pr. 31.12.2012. Einaste byen er Bryne, som og er administrasjonssentrum og har gode servicetilbod på dei fleste område. Andre tettstader er Lye, Kvernaland og Undheim.
Time har eit etter måten allsidig næringsliv, med industri, jordbruk og servicenæringar som dei viktigaste.
Friluftsliv
Naturen i Time gir høve til eit variert friluftsliv, frå småturar på vel opparbeidde turvegar i nærmiljøet til lange turar i heiområde der stiane ikkje er merka og du sjeldan møter folk. Eit særtrekk ved Jær-regionen, og Time, er eit omfattande husdyrhald. Det er difor særs viktig at det vert teke omsyn til dyr på beite under alle former for friluftsliv. Særleg vil ein oppfordra folk med hund om å respektera reglane om å halda hunden i band i den tida bufe beiter.
Friluftsloven gir folk rett til å ferdast fritt til fots og på ski i utmarka året rundt. I innmark er det forbode å ferdast i tida frå 30. april til 14. oktober, men ein kan likevel ferdast langs stiar og vegar som er opne for alminneleg ferdsel i slike område. Friluftsloven slår og fast at folk har lov til å plukka vanlege blomar, nøtter, sopp og bær i utmark. Rasting, bading og bruk av kano og båt utan motor er og lovleg. Telt kan settast opp i utmark (minst 150 m frå hus eller hytte) i inntil 2 døgn. Lengre opphald krev samtykke frå grunneigar. Jakt og fiske krev kjøp av kort eller avtale med grunneigar.
Ferdselsreglar
• Kast ikkje papir, plast eller anna avfall i naturen. Rydd rasteplassen.
• Gå ikkje på dyrka mark eller i skogplantefelt.
• Gå ikkje unødig i beitefelt. Følg sti eller veg om slike finst.
• Gjer ikkje skade på skog og annan vegetasjon.
• Øydelegg ikkje gjerde. Lukk grindar.
• Husdyr, fugl og vilt må ikkje uroast unødig.
• Følg bandtvangreglane for hund.
• Hugs brannfaren. Åpen eld er forbode i utmark i sommarhalvåret(15 april–15 september).
• Tenk, ev. spør, før du parkerer bilen utanom markert parkeringsplass.
• I Time kommune er det svært mange fornminne og andre kulturminne. Ver varsam slik at desse ikkje blir skadde.
• Vis respekt for andre sin eigedom.