Universell utforming
Time og Klepp har fått tilbod om og takka ja til å vera med på ei vidareføring av pilotkommunesatsinga som ressurskommunar. Dette er eit prosjekt i ny handlingsplan for universell utforming og auka tilgjenge 2009-2013. Den nye handlingsplanen er det Barne- og likestililngsdepartementet som har ansvaret for.
Miljøverndepartementet har ansvar for ressurskommunesatsinga som skal samordnast med pilotfylke universell utforming. Rogaland er utpeika som eit av 8 pilotfylke. Hovudmålet for ressurskommunane er å formidla begeistring, kunnskap og gode døme til andre kommunar.
Time og Klepp kommunar har etablert ei arbeidsgruppe og ei styringsgruppe for prosjektet. Arbeidsgruppa består av representantar frå fylgjande fagområde: plan- og byggesak, veg, grønt, helse og kommunale bygg. Brukarane er representerte ved Råd for funksjonshemma i Klepp, og Senior- og Brukarrådet i Time. I tillegg deltek representantar frå fylkeskommune, fylkesmann og Husbanken.
Styringsgruppa består av ein politikar og ein frå administrasjonen i kvar kommune. Leiar er Michael Evans, Gro Haga er nestleiar.
Prosjektet er leia av Anne Reidun Garpestad, e-post: anne.reidun.garpestad@time.kommune.no.
Unversell utforming betyr at produkt, byggverk og uteområde er til ålmen bruk, skal utformast på ein slik måte at alle menneske skal kunne bruka dei på ein likestilt måte så langt det er muleg, utan spesielle tilpassingar eller hjelpemiddel.
Kvar dag vert det planlagt og fatta vedtak som påverkar samfunnet gjennom utforming av bygningar, uteområde og produkt. Dei fleste unge og vaksne har gode førestenader for å meistra fysiske utfordringar, medan barn og eldre av naturlege årsaker står dårlegare rusta. Forutan alder, kan skade eller sjukdom påverka funksjonsevna.
Treng du å vite meir om universell utforming og tilgjenge? Nye krav til universell utforming i plan-og bygningslova krev auka kunnskap. Direktorat for byggekvalitet har laga eit web-basert opplæringsprogram for universell utforming. Programmet finn du her: uukurs.dibk.no
Du kan lesa meir om universell utforming på desse nettstadene:
Rogaland fylkeskommune har etablert nettstaden www.tilgjengelighet.no Her kan du mellom anna finna informasjon om tilgjenge til mange turområde i Time kommune.
Seminar i regi av ressurskommunane Klepp og Time:
Frokostmøte 7. mars 2013. Om universell utforming og utomhusanlegg samla ca. 50 deltakarar. Dei var frå kommunar, private bedrifter og firma som driv med prosjektering.
Frokostmøte 1. mars 2012. Seminaret var i festsalen på Klepp rådhus, og samla ca 80 deltakarar. Invitasjon frokostmøte. Føredrag av Eli Knøsen, Likestillings - og diskrimineringsombudet: Universell utforming.
Frokostmøte 21. oktober 2010. Seminaret var i Høghuset på Bryne. Omtale og innlegg finn du her. Frokostmøte program finn du her.
Bustadseminar 15. oktober 2009. Seminaret var i Frøyland Orstad kyrkje og det var ca 90 påmelde. Deltakarane kom frå fleire kommunar i Rogaland, og det var tilsette frå plan og byggesak, ergoterapiavdeling, kommunal eigedom, poltikarar, tilsette i byggebransjen, arkitektfirma og representantar frå ulike brukarorganisasjonar. Nedanfor finn du foredraga frå seminaret.
Frokostmøte 2. oktober 2008. Seminaret var på Bryne Mølle, og samla ca. 80 deltakarar. Sjå program og innlegg her:
Erfaringsseminar 25. april 2008. Sjå program her:
Frokostmøte 3.april 2008. Sjå program og innlegg
Andre publikasjonar
Kommunal Rapport 04. juni 2009 hadde eit temahefte om universell utforming som vedlegg.
Den første temarettleiaren for universell utforming og planlegging etter plandelen i den nye plan- og bygningslova er nå gitt ut av Miljøverndepartementet. Rettleiaren gir god innføring i plan- og bygningslova sin struktur og oppbygging med tanke på universell utforming i plansamanhang.
Ved offentlege innkjøp må innkjøparar ta omsyn til universell utforming. Eit hjelpemiddel i innkjøpsprosessen finn du her.
I samband med utbyggingsprosjekt i kommunane kan kommunale saksbehandlarar, utbyggjarar og andre interesserte finna inspirasjon i hefta:
Time og Klepp har 3 politisk godkjente rettleiarar:
Time og Klepp har gitt ut brosjyren "33 tips som kan betre tilgjenge til butikken og servieringsstaden din".
Det og mogleg å få lese opp informasjonen på kommunen sine sider.
Klikk på linken nedanfor: Informasjon om LeseWeb