Time bygdemuseum

Time bygdemuseum ligg på tettstaden Undheim, ca 12 km frå Bryne, ved RV 505, og består av innsamla materiale gjennom mange år i kommunen.

Museet ligg i andre og tredje etasje i Undheim Samfunnshus. Det er delt inn som ei rekke husrom som er møblerte og inneheld gjenstandar og reiskapar med tilknyting til kvart rom: Stove, soverom, kammers, vaskerom osv. Det er også ei krambuavdeling, og ei skule-avdeling. I tredje etasje er det utstilling av større jordbruks-reiskapar og vogner, samt anna større utstyr til gardsdrift.

Samlinga inneheld meir enn to tusen gjenstandar, med hovudvekt på bondesamfunnet på 1800- og 1900-tallet.

Time bygdemuseum er ope ein sundag i månaden, dei sundagane det vert servert sundagsmiddag på Samfunnshuset. Dette har eigen annonse i dagspressa. Opningstida er då 12-15.30. Gratis adgang.

Det kan bestillast formidlingar gjennom heile året.
Time kommune er eigar og forvaltar av anlegga.
Organisering av besøk, formidlingar, osv. skjer gjennom Time kommune / Samfunn - kulturvern

Time kommune
avd. Samfunn/kulturvern
Postboks 38

4349 Bryne

tlf. 51 77 60 00 - faks 51 48 15 00
E-post: postmottak@time.kommune.no

Nedanfor ser du bilete frå noko av inventaret  i Time bygdemuseum.

Publisert av Silje Berntsen. Ansvarleg Sigbjørn Reime. Sist endra 13.05.2013
Ansvarleg redaktør: Brit Nilsson Edland      Webredaktør: Elin Wetås de Jara      Webmaster: Reidunn Øglænd