Fotland Mølle

Fotland Mølle

Fotland mølle ligg ved Fotlandsfossen (gmn. Forsland - landet ved fossen), i krysset mellom FV 206/210, ca 6 km frå Bryne.

Fotland Mølle Mølla er open søn- og helgedagar 12-17 frå Palmesundag til midten av desember.
Sommarope kvar dag i juli og halve august, 12-17.
Inngangspengar Fotland Mølle, Garborgheimen og Knudaheio:
Vaksen: 30,-; Student/Honnør: 20,- og Familie: 50,-
Løyst billett på ein av stadene gjeld òg på dei andre to same dagen.

Det kan bestillast historieformidling/guiding gjennom heile året. Prisar på formidling:
Kvardagar: 600,- pr. time Etter 15.00 kvardagar: 800,- pr. time
Laurdagar og sundagar: 1200,- pr. time

 

Utstillingar Fotland Mølle 2014

 

Mølla vart bygd i 1845 som industrimølle, på ein stad det var blitt drive maling sidan 1200-talet, og der det var registrert maling for profitt på 1600-talet. Mølla vart plassert over to eksisterande kvernhus, det vart laga nytt vassinntak, og vatnet vart slik nytta tre gonger før det rann ut igjen i Håelva. Ei av dei aller første industrismiene på Jæren vart samstundes etablert i mølla. Mølla sveiv til 1968. I 1972 vart ho gitt til Time kommune av Fotland-familien, som hadde drive maling i fleire generasjonar. I 1995 vart mølla gjenopna som museum og utstillingslokale. Fast utstilling: "Korn gav liv". Video som viser mølledrift på 1960-talet. Vekslande kunstutstillingar gjennom sesongen, som er frå påske og ut oktober. Enkel servering. Tursti. Sal av brukskunst i Torvhuset. Restaurert kvernhus nedanfor mølla.

Fullføring av det siste kvernhuset gjenstår før anlegget er fullført slik det var etter 1845.

Ved fossen har elva grave seg ned gjennom fylittberget. Fylitt er ein svakt omdanna leirsedimentær bergart som blei avsett på havbotnen over grunnfjellet for 500-800 millionar år sidan.

 

 

 


Time kommune er eigar og forvaltar av anlegga.
Organisering av besøk, formidlingar, osv. skjer gjennom Time kommune / Samfunn - kulturvern


Time kommune
avd. Samfunn/kulturvern
Postboks 38

4349 Bryne

tlf. 51 77 60 00 - faks 51 48 15 00
E-post: postmottak@time.kommune.no
 

Publisert av Silje Berntsen. Ansvarleg Sigbjørn Reime. Sist endra 04.03.2014
 
  • Time kommune
  • Rådhuset, Arne Garborgs veg 30, Bryne
  • Telefon: 51 77 60 00
  • Telefax:  51 48 15 00
  • Postadresse: Postboks 38, 4349 Bryne
  • E-postadresse:post@time.kommune.no
Servicetorget 51 77 60 00
Legevakt: 51 42 99 99
Vakttelefon: 90 16 80 99     
  • Ansvarleg redaktør: Brit Nilsson Edland
  • Webredaktør: Elin Wetås de Jara
  • Webmaster: Reidunn Øglænd

 

© 2013 Time Kommune Design - ACOS / CMS - ACOS InfoLink

vibe
padlock padlock