Støttekontakt

Tenesta skal leggje til rette for at personar som har behov det får ei aktiv og meiningsfull fritid og er retta mot den som ikkje kan dra omsorg for seg sjølv, eller som er heilt avhengig av praktisk eller personleg hjelp.

Fugleliv i Eivindsholstjødn | Fotograf: Jan Thu
Fugleliv i Eivindsholstjødn fotograf Jan Thu

Føremålet med tenesta:

· Individuell tilrettelegging slik at brukaren kan delta i ulike fritidsaktivitetar/tilbod.
· Utvide brukaren sitt sosiale nettverk
· Gje brukaren kontakt og støtte på eigne premisser.

Tenesta vert tildelt etter søknad. Kriterier for tildeling:

· Førebyggje/bryte sosial isolasjon
· Vedlikehald / meistring av sosial kompetanse

Du kan sjølv, via pårørande, heimetenesta, lege eller sjukehus søke om tenesta på eige søknadsskjema i menyvalet til høgre. 

Du kan og ringe direkte til kommunen, tlf. 51 77 60 00, eller sende ein e-post til service@time.kommune.no.

Alle som søkjer blir kontakta av ein saksbehandlar innan 14 dagar. Saksbehandlar vel ut støttekontakt saman med brukar.

 
Publisert av Kindervaag, Ingve. Sist endra 26.04.2012
Ansvarleg redaktør: Brit Nilsson Edland      Webredaktør: Elin Wetås de Jara      Webmaster: Reidunn Øglænd