Barneverntenesta

Barnevernstenesta arbeider i samsvar med Lov om barnevernstenester.

Logo_alarmtelefon

Formålet med lova er:
- å sikra at barn og unge som lever under forhold som kan skada helsa og utviklinga deira får nødvendig hjelp til rett tid.

- å hjelpa til at barn og unge får trygge oppvekstvilkår.

Barneverntenesta kan gje ulike typar tiltak som gjer foreldrene nye ferdigheter i forhold til si omsorgsrolle. Dette kan til dømes vera kurs i Circle of Security (COS -P), De Utrolige Årene kurs (DUÅ), Marte Meo, miljøterapi, Familieterapi, Kognitiv adferdsterapi, Gestalt terapi.

Barneverntenesta samarbeider tett med andre instansar som skule, barnehage, politi, barnepsykiatrisk osv, til beste for barnet.

Barneverntenesta i Time treng fleire tilsynsførarar (PDF, 7 kB).

Barneverntenesta i Time treng fleire besøksheimar.

Barneverntenesta i Time treng fleire fosterheimar.

Dersom du er interessert i oppdrag som tilsynsfører, besøksheim eller fosterheim, kan du senda mail til: barnevern@time.kommune.no. Fint om du i mailen skriv litt informasjon om kven du er, litt om kvifor du ønsker dette, motivasjonen din.

For å ha oppdrag for barneverntenesta er det eit krav at ein har sertifikat for bil, samt at ein treng politiattest av ny dato.

Tilsynsførerrapport (DOC, 69 kB)

Publisert av Kristin Sando. Ansvarleg May Helen Mitchell. Sist endra 05.06.2015

Relatert

 
  • Time kommune
  • Rådhuset, Arne Garborgs veg 30, Bryne
  • Telefon: 51 77 60 00
  • Telefax:  51 48 15 00
  • Postadresse: Postboks 38, 4349 Bryne
  • E-postadresse:post@time.kommune.no
Servicetorget 51 77 60 00
Legevakt: 51 42 99 99
Vakttelefon: 90 16 80 99     
  • Ansvarleg redaktør: Brit Nilsson Edland
  • Webredaktør: Elin Wetås de Jara
  • Webmaster: Reidunn Øglænd

 

© 2013 Time Kommune Design - ACOS / CMS - ACOS InfoLink

vibe
Login for redigering Login for redigering