Du finn heile statistikken her. Der kan du sjå fleire tal.
Dette talet inkluderer både utlån og fornyingar. Ser vi berre på fyrstegongsutlån, er utviklinga endå meir positiv. 75,9% av totalt utlån er fyrstegongsutlån, i 2005 var det berre 69% fyrstegongsutlån. Det vil seia at 2011 er nøyaktig like bra som 2005. Når me sender ut gratis påminning fører det til at fleire leverer i tide i staden for å fornya for å vera på den sikre sida.
Utviklingstrekka syner at utlånet går opp i alle sjangrar, men det er ingen tvil om at folk finn meir faglitteratur på nettet no enn i 2005! Den største auken i åra me har god statistikk for finn me på film. Time har ei god DVD-samling, og det ber utlånet preg av.
Samanlikna med dei andre biblioteka i Jærbiblioteka-samarbeidet (Klepp og Sola) er den største skilnaden at Time låner ut mykje mindre til skular og barnehagar. 95% av utlånet vårt er til privatpersonar, medan hjå Klepp gjeld det 80% av utlånet.