oppehoyre SjølvbetjeningDemokrati / PolitikkKunngjeringarSpørsmål og svarSamhandlingsreformen

Velkomen til Verdas bokdag på Time bibliotek

På biblioteket markerer me Verdas bokdag 5. mai med utdeling av roser og gebyramnesti. Alle som kjem innom biblioteket på torsdag og har uteståande gebyr får sletta dei, og dei 100 fyrste som kjem innom etter kl 10 får ei raud rose.

Markeringa av Verdas bokdag byggjer på ein tradisjon frå Barcelona, der 23. april er feira som bokas dag heilt sidan mellomalderen. I år fall 23. april på påskeaftan, difor vart bokbransjen samd om å flytta markeringa til 5. mai.

UNESCO gjorde 23. april til Verdas bok- og opphavsrettsdag i 1995, og dagen er markert i Noreg sidan 1997.

 

Publisert av Vidar Lund. Ansvarleg Vidar Lund. Sist endra 04.05.2011
Artikkel (60)
Ansvarleg redaktør: Brit Nilsson Edland      Webredaktør: Elin Wetås de Jara      Webmaster: Reidunn Øglænd