oppehoyre SjølvbetjeningDemokrati / PolitikkKunngjeringarSpørsmål og svarSamhandlingsreformen

Velkomen til sjølvbetent bibliotek frå 07.00-10.00 måndag-fredag

Time bibliotek innfører sjølvbetent bibliotek som ei prøveordning frå 10. januar. Frå klokka 07.00 til 10.00 kan publikum bruka samlingane, låna på utlånsautomat og bruka sitjegrupper, møterom og studieceller.

Dersom du vil levera inn noko kan du leggja frå deg materialet i innleveringskassen ved skranken, men det er på eige ansvar.

Det som gjer det nye tilbodet mogleg er at kaféen Garborgstova no har opna. Dei to fyrste vekene prøver dei ut eit frukosttilbod frå kl. 7.

Fram til kl. 10 arbeider bibliotekpersonalet med å gjera klar til opning og andre oppgåver, difor er det ikkje høve til fornying, betaling av gebyr eller andre spørsmål føre klokka 10.

Publisert av Vidar Lund. Ansvarleg Vidar Lund. Sist endra 10.01.2011
Artikkel (60)
Ansvarleg redaktør: Brit Nilsson Edland      Webredaktør: Elin Wetås de Jara      Webmaster: Reidunn Øglænd