oppehoyre SjølvbetjeningDemokrati / PolitikkKunngjeringarSpørsmål og svarSamhandlingsreformen

Utlånstoppen i Jærbiblioteka 2010

Det er kjende namn på utlånstoppen for 2010: Nesbø, Samartin, Hislop og Knausgård er stadig populære. For barn og unge er Harry Potter stadig aktuell, og elles er kjende namn som Lars Mæhle, Stephenie Meyer og Olof Landström med. På filmlista er det mest berre barne- og ungdomsfilmar på 10-på-topp-lista.

Utlånstoppen for 2010 er samla for Klepp, Sola og Time. Etter at dei tre biblioteka slo saman katalogane kan ein enkelt sjå kva som samla sett er mest populært i dei tre kommunane, samstundes som ein kan sjå kva skilnader som finst.

Når det gjeld bøker går skilnadene fyrst og fremst på plasseringa på lista. Det er dei same forfattarane som er populære, men fordelinga er litt annleis. Når det gjeld film er det større skilnader. På den samla lista dominerer barnefilmane, medan det for Time sin del er langt fleire filmar for vaksne på toppen.

Utlånstoppen for barnebøker er prega av at Klepp har eit mykje større utlån til skular og barnehagar enn Sola og Time.

Utlånstoppen vaksne 2010
Dette er utlån på Klepp, Sola og Time bibliotek. Du kan gjerne klikke på tittelen for å sjå om bøkene er inne.
Utlånstoppen vaksne 2010
PlassTittelForfattarTal utlån
1 PanserhjerteJo Nesbø281
2 DrømmehjerteCecilia Samartin243
3 SalvadoreñaCecilia Samartin230
4 HjemkomstenVictoria Hislop208
4 Min kamp : første bokKarl Ove Knausgård208
6 Hundre årHerbjørg Wassmo199
7 VidunderbarnRoy Jacobsen182
8 Den urolige mannenHenning Mankell169
9 La meg synge deg stille sangerLinda Olsson145
10 FyrvokterenCamilla Läckberg144
Utlånstoppen barn og unge 2010
Dette er 10 på topp for Klepp, Sola og Time. Klikk gjerne på tittelen for å tinga boka.
Utlånstoppen film 2010
Dette er 10 på topp av filmutlån for biblioteka i Klepp, Sola og Time. Klikk på tittelen for å tinga filmen.
Utlånstoppen film 2010
PlasseringTittelRegissørTal utlån
1 KnertenÅsleik Engmark137
1 Madagaskar 2Eric Garnell ; Tom McGrath137
3 Alvin og gjengenTim Hill136
4 Olsenbanden jr. på cirkusArne Lindtner Næss133
5 TwilightCatherine Hardwicke131
6 Eventyr i New YorkKevin Lima116
6 Harry Potter og halvblodsprinsenDavid Yates116
6 Istid 3 : dinosaurene kommerCarlos Saldanha116
9 Kurt blir grusomRasmus Sivertsen115
10 Slumdog MillionaireDanny Boyle114
Publisert av Vidar Lund. Ansvarleg Vidar Lund. Sist endra 05.02.2011
Artikkel (60)
Ansvarleg redaktør: Brit Nilsson Edland      Webredaktør: Elin Wetås de Jara      Webmaster: Reidunn Øglænd